Er det mogleg å gjennomføre Plan S på ein måte som gjer forskarane sin kvardag enklare i staden for vanskelegare? Ja, meiner nevrobiologen og Open Access-forkjemparen Björn Brembs.
Kjerstin Gjengedal, journalist
Frå 2020 skal all offentleg finansiert forsking vere tilgjengeleg for alle. Det er kjernen i det europeiske initiativet kjend som Plan S. Planen vart lansert i september i fjor av ein koalisjon danna av Det europeiske forskingsrådet ERC og ei rekkje nasjonale forskingsråd i Europa, og har sidan fått støtteerklæringar internasjonalt.
Sidan har debatten gått om korleis forsking skal publiserast i framtida. Mange forskarar fryktar at dei ikkje lenger kan publisere i sine føretrekte tidsskrift. Men nokre har teke til orde for at vi no kan slå fleire fluger i éin smekk: Gjere livet enklare for forskarane, og sikre open tilgang til forsking i same slengen. Björn Brembs, professor i nevrogenetikk ved tyske Universität Regensburg, er ein av dei.
Straumlinjeforma forsking
Brembs peikar på at forsking i dag er avhengig av digital infrastruktur i alle fasar av prosessen.
– Forskarar har bruk for moderne infrastruktur for å ta vare på og dele tekst, forskingsdata og programkode med kvarandre. Eg har lenge tenkt at nokon ein dag kom til å lage dei perfekte løysingane, men så langt har ingen gjort det, seier Brembs til Forskningspolitikk.
Draumen hans er at universitetet skal la han installere ein klient på si eiga datamaskin, som automatisk tek vare på alle forskingsobjekt slik at ein lett kan finne dei når det trengst, og som held styr på endringar. Han vil kunne velje kven som skal få lese- og skrivetilgang slik at han kan samarbeide med kollegaer om å skrive og å samle data, og når ein kjenner seg klar til å dele innhaldet med omverda, kan det gjerast med eit klikk.
Arbeidet kan leggast i eit vitenarkiv, på ein preprint-server eller sendast til eit ope tidsskrift, og teknologien held styr på kva versjon lesarane ser – om det er eit arbeidsdokument, ein preprint, ein fagfellevurdert artikkel, og om innhaldet er sitert eller replikert av andre.
Teknologien held også styr på datagrunnlaget slik at lesaren kan generere sine eigne figurar eller laste ned data om ho ønskjer det, utan at forskaren treng å deponere materiale på fleire ulike stader, i ulike format.
Tidsskrifta blir overflødige
Kvar dag kjem ei liste i epostboksen med tips til dei viktigaste og mest relevante artiklane innanfor forskaren sitt interessefelt, valt ut gjennom kombinasjon av automatisk filtrering og råd frå andre forskarar. I ei slik verd blir tidsskrifta si rolle som portvaktar, overflødig.
Funksjonalitetane finst, men førebels er det snakk om enkeltprodukt som ikkje snakkar saman og som ofte er utvikla på prosjektbasis utan tanke for skalering eller langsiktig bruk.
Brembs etterlyser eit sett med felles standardar, som basis for verktøy som svarar på forskarane sine behov gjennom heile forskingsprosessen. Infrastrukturen må vere global og distribuert, slik at alt innhald er tilgjengeleg sjølv om ein stor del av nodane skulle bli sett ut av spel.
– Google Docs og Dropbox har allereie eksistert lenge. Kvifor har ikkje institusjonen min tilbydd meg noko tilsvarande som eg kan bruke som vitskapleg tilsett? spør han.
Biblioteka har pengane
Men infrastruktur er berre éi side av saka. Det trengst også pengar og styring.
– Eg har lenge vore klar over at universitetsbiblioteka sit på ei av løysingane, nemleg pengar. Vi treng infrastruktur for tekst, data og programvare, og pengane til slik infrastruktur strøymer i dag frå biblioteka til tidsskriftforlaga. Så kvifor kan ikkje biblioteka seie opp tidsskriftabonnementa og bruke pengane til å gje meg infrastruktur i staden? Innvendinga er at forskarane treng tilgang til tidsskrifta, men mitt argument er at det har vi. Her i Tyskland har vi no i to år vore utestengt frå visse tidsskrift etter at forhandlingane med forlaga gjekk i stå, men vi får tak i artiklane likevel.
Styringselementet fall på plass då fagmiljø ved hans eige universitet nyleg ville søke om pengar til nytt og dyrt vitskapleg utstyr. Då oppdaga han at det tyske forskingsrådet DFG (Deutsche Forschungsgemeinschaft) berre vurderer søknader som oppfyller visse krav til infrastruktur.
– Krava kan vere veldig spesifikke, som kva type maskinvare du må ha, og kor mange stillingar som må følgje med for å drifte utstyret. Brått måtte tre institutt jobbe på spreng for å oppfylle desse krava. Det opna augo på meg. Det viste seg altså at dersom vi ikkje kan få pengar frå forskingsrådet utan å ha infrastruktur på plass, ja, då skaffar vi den infrastrukturen. Sidan har eg snakka med folk frå andre organ som finansierer forsking, og dei seier det same: Dei vurderer ikkje søknader frå kven som helst, dei har klare kriterie for kven som kan søke.
Må stille krav
Brembs samla alle elementa i eit innlegg på bloggen sin, og ideen fekk raskt namnet «Plan I», for «infrastruktur».
– Alt ein treng å gjere, er å utvide desse krava som forskingsråda allereie opererer med, til å gjelde alle søknader.
Dei fleste forskingsråd har retningsliner for korleis forskingsinstitusjonane kan støtte open publisering og handtering av forskingsdata. Men retningslinene blir i liten grad følgt opp.
Det ville medføre relativt lite ekstraarbeid å koordinere desse retningslinene, til dømes i form av ei sertifiseringsordning: Søknader om forskingsmidlar blir berre vurdert dersom dei kjem frå ein sertifisert institusjon som har dokumentert at dei har den viktige infrastrukturen på plass. I staden for å påleggje forskarane å publisere i rett type tidsskrift, pålegg ein altså institusjonane å leggje til rette for ein open forskings- og fagfellevurderingsprosess.
– Dersom alle forskingsråd går saman om dette, så ville vi snart ha den infrastrukturen. Vi kunne leggje ansvaret til biblioteka og bruke dei pengane som i dag går til tidsskriftabonnement, skisserer Brembs.
Forskarane må eige verktøyet
Forslaget hans er del av ein spirande diskusjon om korleis digitalisering av forsking kan nyttast til å skape ein open, global kunnskapsallmenning. Ulike konkrete forslag verserer, og det er sett i gang initiativ for å kartleggje kva investeringar som må til. Det er avgjerande, meiner både Brembs og andre, at infrastrukturen er eigd og koordinert av forskarsamfunnet. Kommersielle aktørar som Elsevier har for lengst sett potensialet i å tilby institusjonane saumlaus infrastruktur for heile forskingsprosessen, og dersom dei får eige infrastrukturen og hauste renter av han, vil draumen om open kunnskapsutveksling vere like langt.
Det ironiske er, fortel Brembs, at latinamerikanske forskarar allereie har nytt godt av systemet han etterlyser i meir enn tjue år – noko han først nyleg vart merksam på. Sidan slutten av 90-talet har spansk- og portugisisktalande land hatt plattformar for indeksering og open publisering av artiklar frå kvalitetstidsskrift. Tidsskrifta er oftast drifta av offentlege forskingsinstitusjonar og vitskapsakademi, og det er i alle si interesse at innhaldet er tilgjengeleg for alle, for å motverke strukturane som elles lett gjer forsking utanfor den angloamerikanske marknaden «usynleg» i dei internasjonale indeksane.
– Systemet let dei publisere artiklar for ein brøkdel av prisen vi må ut med. No er vi der at våre institusjonar kan spare mykje pengar på å implementere teknologi som forenklar forskingsprosessen, og likevel har det ikkje skjedd. Det er på tide forskingsfinansiørane seier at utan slik infrastruktur, ingen pengar, seier Brembs.
Hovedbilde: Getty Images.