Forskning

Kva er ein forskingsartikkel verd?

I akademia er vitskaplege artiklar valutaen som byggjer karrierar og skaffar forskingsmidlar. Men let denne valutaen seg veksle inn i kroner eller euro? Økonomen Sandra Rousseau meiner det er eit spørsmål det hastar å utforske.

KJERSTI GJENGEDAL for Forskningspolitikk

Rousseau er professor i økonomi ved det belgiske universitetet KU Leuven. Der arbeider ho først og fremst med miljøøkonomi, men har også lenge interessert seg for bibliometri.

– Vi miljøøkonomar kjenner godt til utfordringane ved å sette ein verdi på noko som ikkje har ein pris i marknaden. Vil du lage ei miljøregulering, må du bruke ein verdi, og miljø er ikkje lett å prissette, seier ho.

Kostnad og nytte

For ei tid sidan vart Rousseau invitert til å undervise i metodar for verdisetting for studentar som arbeidde med forskingspolitiske og informasjonsvitskaplege emne ved det store italienske universitetet Sapienza i
Roma. Då kom tanken om å bruke miljøøkonomiens teknikkar for verdisetting, på vitskapleg produksjon.

På same måte som miljø, er den økonomiske verdien av forsking vanskeleg å slå fast, og det er ikkje gjort mykje forsking på det. Likevel blir kostnad-nytte-analysar eit stadig viktigare verktøy, også i forskingspolitikken.

– Eg såg på ei konsekvensutgreiing som var laga på oppdrag for EU-kommisjonen, og som mellom anna dekte investeringar i forskingsinfrastruktur. Det var eit høgt detaljnivå og ei rad tilnærmingar til verdisetting av ulike utkomme av forskinga. Så politikarane brukar allereie antakingar om pengeverdi som guide for forskingspolitikk. Då meiner vi det er viktig å sjå på kva desse antakingane går ut på, korleis dei blir brukt og korleis ein skal tolke dei, seier ho.

Upresise metodar

Ho diskuterte fordelar og ulemper ved dei ulike metodane med kollegaene sine ved la Sapienza, og dei vart samde om at dette var eit tema det var verd å dykke ned i. Resultatet vart ein vitskapleg artikkel om økonomisk verdisetting av nettopp forskingsartiklar.

– Og då seier vi ikkje at dei metodane vi dreg fram, er måten å gjere det på. Men vi seier at dette er eit tema som fortener merksemd fordi det allereie skjer, seier Rousseau.

Éin innfallsvinkel kan vere produksjonskostnad: Ta utganspunkt i forskarens årsløn og tidsbruk for å estimere verdien av å bruke tida til å skrive ein artikkel i staden for å gjere noko anna.

Ein annan metode kan vere å sjå på kor mykje pengar ein artikkel blir premiert med i forskingsfinansieringssystemet.

Eller ein kan undersøke korleis artiklar blir prissette i den faktiske marknaden: I artikkelen sin brukte Rousseau og kollegaene publiseringsavgifter i opne tidsskrift som indikator. I eit slikt tilfelle vil alle artiklar i same tidsskrift få tileigna same verdi, medan verdien vil variere sterkt mellom tidsskrift. Men tidsskriftmarknaden er langt frå nokon perfekt fungerande marknad, og ein kan neppe rekne dei faktiske prisane som nokon god indikator på kva verdi det har å publisere ein bestemt artikkel.

– Alt dette er kjende teknikkar som er enkle å bruke, men som også gjev veldig omtrentelege resultat. Vansken er å finne enkle metodar som samtidig seier oss noko nyttig, seier Rousseau.

Verdien for forskaren

Ei stor utfordring er at verdien av innhaldet i artiklane, altså sjølve forskinga, ikkje er det same som verdien av artikkelen. I dette tilfellet prøvde Rousseau og kollegaene å isolere den siste storleiken.

– Alle forstår verdien av å forske på vaksineutvikling, til dømes. Men du treng ikkje skrive ein artikkel for å spreie den kunnskapen. Så vi trur hovudverdien av sjølve artikkelen ligg i kva det har å seie for forfattaren, forklarer ho.

– Dersom eg skriv ein artikkel som eg får publisert i eit prestisjetungt tidsskrift, har det verdi for meg personleg, også økonomisk. Eg kan få høgare løn eller ei betre stilling, eller det kan opne dører til betre forskingsfinansiering. Både institusjonar og dei som finansierer forsking, tek heile tida ei mengd avgjerder om kven og kva dei skal investere i, som i alle fall delvis byggjer på talet på publikasjonar og kvar dei er publisert. Ein kan altså sjå effekten av publikasjonane på pengesummane som kjem inn. Ein del av, men ikkje heile, denne verdien vil vere uavhengig av innhaldet i publikasjonane.

Alt dette er døme på det ein kallar bruksverdi. Men artiklar har også andre typar verdi. Dei er verktøy som gjer det lettare å bygge kunnskap.

– Sjølv les eg artiklar heile tida, for då slepp eg å gjere forskinga sjølv og kan gå rett vidare til å bygge på det som er gjort.

Artiklar hjelper ein ikkje berre til å lære om andre si forsking, men om eins eigen også, meiner Rousseau.

– Når eg skriv, særleg det første utkastet, blir eg tvinga til å fortelje om forskinga mi på ein forståeleg måte. Det har verdi. Så det er meir ved ein artikkel enn vi kanskje trur, og mykje av denne verdien er uavhengig av det faktiske innhaldet.

Målte preferansar

Men korleis måle desse ulike formene for verdi?

Forskarane bestemte seg for å rett og slett spørje folk. Dei sendte ut eit spørjeskjema til alle vitskapleg tilsette ved Sapienza-universitetet, og fekk tilbake godt 300 brukbare svar.

Mellom anna ba dei respondentane gje eit overslag over kor mykje tid dei brukte på artikkelskriving. Ved hjelp av informasjon om gjennomsnittsløn for ulike stillingsgrupper, kunne dei så rekne ut ein omtrenteleg verdi per publikasjon (5500 euro når berre artiklar var inkluderte, 3300 euro når ein også inkluderte monografiar, bokkapittel, konferansepresentasjonar og redigerte antologiar, der vektinga mellom dei var eit komplekst spørsmål i seg sjølv).

– Det vi ikkje tenkte på, var at nokre av forskarane var pensjonistar som framleis var aktive. Då blir jo verdien av artiklane deira null. Spørsmål som ikkje ser så vanskelege ut i utgangspunktet, blir fort komplisert i møte med den verkelege verda, seier Rousseau.

Den mest eksperimentelle delen av undersøkinga var ei preferanseundersøking der respondentane fekk velje mellom ulike alternativ: Føretrekk du å publisere på engelsk eller italiensk? I eit høgt rangert tidsskrift eller eit middels rangert? Åleine eller i lag med nasjonale eller internasjonale medforfattarar? Innanfor eller på tvers av disiplinar? Det gav ein indikasjon på den relative verdien – som ikkje er det same som pris – av alle desse variablane.

– Forskarar vil heller ha artiklar i kjende enn i lite kjende tidsskrift. Samtidig fann vi store disiplinforskjellar: I dei naturvitskaplege og teknologiske faga er til dømes konferansepresentasjonar viktige og mykje brukt, medan slikt stort sett blir ignorert i samfunnsvitskapane. Samfunnsvitarar tykkjer til gjengjeld det er greiare å publisere på italiensk.

Farleg å oversjå verdisetting

Dei lærte også, til si overrasking, at folk ikkje legg stor vekt på eineforfattarskap. Og at majoriteten var lite interessert i fleirfagleg publisering. Rousseau meiner eksperimentsom dette kan gje eit bilete av kva folk legg vekt på når dei vurderer publisering, og kvar dei djupaste skiljelinene går.

Samstundes manglar det ikkje kritikk av miljøøkonomane sin hang til å setje prislappar på natur eller på såkalla økosystemtenester.

– Og eg forstår at mange reagerer på det, men kva skal ein då gjere når kostnad-nytte-analysane blir laga? For det blir dei jo. Då vil desse faktorane bli fjerna frå analysen og verdien i praksis sett til null, og det meiner eg er farlegare. Å sette ein verdi på noko treng ikkje bety at det skal kjøpast eller seljast.

Når det gjeld forskingsartiklar, meiner Rousseau det vil vere eit mistak å berre halde fram med å nytte dei enkle, men upresise metodane som så langt har vore brukt.

– For verdidiskusjonen avheng sterkt av kontekst. Situasjonen i Europa er ulik situasjonen i USA og Asia, folks preferansar og sjølve forskingspolitikken er ulik. Og det trengst ulike innfallsvinklar for å fange dei ulike verdidimensjonane.

Foto av professor Rousseau: Privat.