Forskning

Universitetet i Stavanger og NIFU er tildelte UNESCO Chair i leiarskap og innovasjon

Universitetet i Stavanger og NIFU er utnemnde til UNESCO Chair on Leadership, Innovation and Anticipation (Futures Literacy). Professor Rune Todnem By frå Det samfunnsvitskaplege fakultet ved UiS skal leie arbeidet saman med spesialrådgjever Per M. Koch frå NIFU.

UNESCO Chair er ei utnemning som blir gitt til institusjonar med fagmiljø som utmerker seg internasjonalt på fagområde som er relevante for UNESCO. Ein UNESCO Chair, eller lærestol på norsk, skal vere eit kompetansesenter og ein brubyggar mellom akademia, samfunn, forsking og styresmaktene. 

Gjennom denne lærestolen skal Universitetet i Stavanger og NIFU utforske og utvikle nye former for leiarskap og innovasjon. Målet er å bidra til å løyse store samfunnsutfordringar, så som realisering av FNs berekraftsmål. 

– Det er ei ære å bli tildelt denne UNESCO-chairen. Den gir UiS og NIFU ei unik plattform til å spele ei leiande nasjonal og internasjonal rolle i utviklinga av leiarskap og innovasjon til støtte for utfordringar i notid og framtid. Vi vil ha fokus på leiarskap og innovasjon som prosess, og då spesielt på korleis vi alle kan bidra til berekraftig utvikling, seier professor i leiarskap Rune Todnem By. 

UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Dette er hovudsetet til UNESCO i Paris.

– Verda står overfor ei rekke store utfordringar som krev handling og omstilling. Gjennom å reflektere over framtida kan bedrifter, organisasjonar og policy-utviklarar utfordre si eiga forforståing. Ei betre innsikt i eigne føresetnader og karta vi bruker for å forstå verda gjer det enklare å identifisere moglegheit og utfordringar på ein kritisk og kreativ måte, seier Per M. Koch i NIFU. 

Lærestolen i leiarskap og innovasjon er ein del av UNESCOs Global Futures Literacy Network. Futures Literacy, eller framtidskompetanse på norsk, vil derfor stå sentralt i arbeidet. Gjennom å utfordre nedarva førestillingar og praksisar. Hensikta er å auke medvitet om korleis gitte førestillingar, institusjonelle strukturar og handlingsmønster hindrar oss i å finne og implementera løysingar på samfunnets utfordringar. Gjennom å utvikle ein betre framtidskompetanse kan ein enklare identifisere verdiar, mål, høve og truslar, samt finne fram til nye måtar å adressere utfordringane på. 

Universitetet i Stavanger vil sjå på korleis framtidskompetanse kan nyttast til å utvikle ei meir kreativ og open form for leiarskap i bedrifter og organisasjonar – heile tida med mål om å svare på utfordringane til både institusjonane og samfunnet. 

NIFU vil sjå på korleis framtidskompetanse kan nyttast i policy-læring og utvikling av nye politiske grep i møte med store utfordringar, nasjonalt og internasjonalt. Denne tilnærminga vil blant anna gjere det lettare å lære og samarbeide på tvers av politiske, faglege, organisatoriske, sosiale og kulturelle skilnader. 

Universitetet i Stavanger og NIFU vil saman utvikle bruken av framtidskompetanse i formålsdrivne leiarskap. Inkludert er også transformativ politikkutforming.  

UNESCO Chair on Leadership, Innovation and Anticipation vil i tillegg vidareutvikle eit nasjonalt nettverk for framtidskompetanse, kalt Futures Literacy Norway. 

Sjå også:
UNESCO Chair: Leiarskap og innovasjon (Universitetet i Stavanger)
To Think About the Future in a Changing World – An Interview with Riel Miller

(Via UiS og NIFU. Til orientering: Per Koch er redaktør av Forskningspolitikk)

Foto av Rune By og Per Koch, foto bed UiS og Martin Skulstad/Forskningspolitikk. Foto av UNESCO: Christian Mueller.