Høyere utdanning

Nederland vil ha varierte akademikarar målt på meir enn publikasjonar

Eit nasjonalt program for å endre på kriteria for kva som er ein god akademikar, har skapt debatt i Nederland. Men liknande endringar er på veg, også i Noreg. 

Av Kjerstin Gjengedahl for Forskningspolitikk

– Eg er glad for denne dialogen, for det er utruleg viktig at forskarane sjølve er involverte i prosessen. Spørsmåla og avvegingane som dukkar opp, må takast på alvor, seier Kim Huijpen. 

Huijpen leier det nederlandske nasjonale programmet for endring i forskarevaluering, «Recognition and Rewards» (eller «Erkennen en Waarderen» på nederlandsk) på vegner av ein koalisjon av universitet, universitetssjukehus, forskingsfinansierande organisasjonar og det nederlandske vitskapsakademiet. 

Langvarig misnøye 

Programmet er eit resultat av at det lenge har vore murra i gangane på nederlandske forskingsinstitusjonar – som stadig er å finne øvst på listene over dei beste universiteta i verda – om eit umenneskeleg høgt arbeidspress og monomant fokus på publikasjonar. 

Vitskapleg tilsette har demonstrert i gatene med jamne mellomrom i fleire år, og også institusjonsleiarar og politikarar har uttrykt at forskingsverda går glipp av altfor mange talent som ikkje finn seg til rette i dagens system. Stadig fleire ser at aktivitetane som løner seg i UH-sektoren, ikkje nødvendigvis samsvarer med det ein ønskjer at akademikarar skal drive med. 

Hausten 2019 offentleggjorde difor VSNU [interesseorganisasjon for 14 nederlandske universitet, red. merkn.] saman med dei største forskingsfinansierande organisasjonane i Nederland, ein visjon for framtidas forskingssektor, med tittelen «Room for everyone’s talent». Målet var mindre vekt på publikasjonar, og meir vekt på andre akademiske aktivitetar, slik som undervising, samfunnsengasjement, lagspel, leiarskap og bidrag til open forsking. 

– Treng internasjonal støtte 

– Sidan har alle organisasjonane danna eigne komitear som skal tilpasse visjonen til dei ulike lokale kontekstane, fortel Huijpen. 

Ei rad universitet har no publisert eigne visjonar for korleis vitskapleg tilsette og arbeidet deira skal evaluerast, som skal danne utgangspunkt for det vidare arbeidet lokalt. For sjølv om nokre har sett seg heilt konkrete mål – universitetet i Utrecht har til dømes bestemt å gå vekk frå å bruke den berykta Journal Impact Factor i evalueringar – så er det framleis slik at vegen i stor grad blir til medan ein går. 

– Mange er til dømes urolege for det internasjonale aspektet, særleg i naturvitskapane, seier Huijpen. 

– Ein naturvitskapleg forskarkarriere er ofte internasjonal, og forskarar lurer på kva som vil skje dersom dei søker jobb ved ein utanlandsk institusjon som kanskje opererer med andre kvalitetskriterium. Særleg forskarar tidleg i karrieren har spørsmål rundt dette. Difor er det så viktig at dette blir diskutert internasjonalt, og vi er svært glade for at Noreg også er aktive i dette arbeidet. 

Norske retningsliner klare 

I 2019 sette UHR ned ei arbeidsgruppe som skulle lage retningsliner for vurdering av akademiske karriereløp. Initiativet var i tråd med internasjonale straumningar, og arbeidet har vore delvis inspirert av Nederland. I april i år vart retningslinene publisert. 

Den norske arbeidsgruppa tilrår at når institusjonane skal vurdere kandidatar for tilsettingar og opprykk, så bør dei vurdere fleire element enn det som har vore vanleg tidlegare, men presiserer at det ikkje betyr at alle forskarar skal gjere meir enn før. I staden 

skal ein opne for større variasjon i forskarkarrierar. Retningslinene inneheld eit forslag til rammeverk for vurdering av ulike typar kompetanse. 

Dokumentet har sidan vore på høyring, og UHR følgjer opp arbeidet på bakgrunn av innspela som kom inn. 

Fryktar kvalitetstap 

– Nokre forskarar fryktar at eit større spekter av evalueringskriterium er det same som å senke forventingane ned til eit minste felles multiplum. Men det er ingen som seier at vi ikkje lenger skal publisere i prestisjetunge tidsskrift. Vi seier berre at ikkje alle treng å gjere det, og at grupper kan vere samansett av folk med ulike former for kompetanse, seier Huijpen. 

Det er viktig at akademia sjølv tek eigarskap til utviklinga, meiner ho. Difor har ho ingenting imot at dei forslaga som kjem fram, til dømes Utrecht si avgjerd om å gå vekk frå å bruke Impact Factor, har ført til debatt. 

I sommar underteikna 171 nederlandske forskarar eit ope brev der dei uttrykte uro for at «Recognition and Rewards»-programmet vil føre til at nederlandsk forsking misser posisjonen sin i det internasjonale 

toppsjiktet. Framfor alt frykta dei for framtida til yngre forskarar som, ifølgje underskrivarane, ikkje lenger ville kunne konkurrere internasjonalt. Dei stilte også spørsmål ved om målet om å gå vekk frå å bruke Impact Factor, var godt nok gjennomtenkt. 

Eitt av dei mest konkrete resultata av programmet er at det nederlandske allmennforskingsrådet NWO har endra på tildelingskriteria for toppforskingsprogrammet Veni, Vidi, Vici. 

I staden for å levere ein standard cv med fullstendig publikasjonsliste, skal søkarane til programmet no levere ein «narrativ cv», der dei sjølve avgjer korleis dei vil presentere den akademiske profilen sin, og vel ut maksimalt ti døme på akademisk produksjon – artiklar eller anna – som skal inngå i publikasjonslista. 

Underskrivarane av det opne brevet meiner denne endringa skapar vanskar for dei som skal evaluere prosjektsøknadane, og fører til forvirring og tilfeldigheiter i prosessen. Oppgåva til NWO bør vere å finansiere den beste forskinga, meiner dei. Ansvaret for å sikre eit mangfald av karrierevegar bør heller leggast til personalavdelingane ved universiteta. 

Generasjonskløft? 

Men forfattarane av brevet fekk svar på tilale av ei enno mykje lengre liste av representantar for dei nederlandske doktorgradsog postdoktororganisasjonane, Young Science in Transition og dei nederlandske akademia for yngre forskarar, som skreiv at dei ivrig imøteser eit nytt system for forskarevaluering. 

«Det tradisjonelle akademia finst ikkje lenger, forskarar har mange fleire oppgåver enn før, og oppgåvene inneber mykje meir enn berre forsking. Difor er den vitskaplege artikkelen, etter vår meining, ikkje lenger den einaste måten å uttrykke kvalitet på, og den er heller ikkje representativ for heile spekteret av oppgåver som inngår i å vere ein moderne akademikar,» skreiv dei. 

Kim Huijpen vonar likevel at sommarens debatt ikkje berre er uttrykk for ei generasjonskløft. 

– Også det første brevet hadde ein del yngre forskarar på lista over signaturar. Frå min ståstad ser eg at det finst folk på mange nivå i organisasjonane som kjempar for eit større mangfald i karrierevegar. Eg har også inntrykk av at leiarar og styre ved institusjonane har høge ambisjonar. Det tyder at trykket 

kjem både nedanfrå og ovanfrå, som er heilt nødvendig for at vi skal lukkast. 

– Kulturendring tek tid 

At temaet får meir merksemd internasjonalt, merkar ho på dei mange invitasjonane ho får til å fortelje om programmet for internasjonale publikum. I november skal Huijpen til dømes vere ein av hovudinnleiarane på Munin-konferansen om vitskapleg publisering, som blir arrangert av UiT Norges arktiske universitet. Forskarevaluering vil vere eit hovudtema på konferansen, der også professor Finn-Eirik Johansen, som leia den norske arbeidsgruppa for forskarevaluering, skal delta. 

– Så eg trur det er ei internasjonal endring på gang. Folk utanfrå er interesserte i å høyre korleis vi gjekk fram for å utvikle visjonsdokumentet vårt. Dei vil gjerne høyre kva vi har lært undervegs, men eg merkar også at mange vonar vi har alle svara klare, seier ho. 

Og det har dei førebels ikkje. 

– Det trengst tolmod, for det vi prøver å gjere, er å endre tenkemåten, ikkje berre spelereglane. Vi treng å tenke grundig over korleis vi vil at systemet skal sjå ut i framtida. 

Foto av Kim Huijpen: Privat