I forbindelse med reportasjen om Forskerforbundet spurte Lisbet Jære forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel om hva han tenker om Forskerforbundet.
Jære: Hvilken oppfatning har du av Forskerforbundet?
Forskerforbundet gjer ein stor og viktig jobb for norske forskarar. Eg er glad for at vi har ein god organisasjon som jobbar for å styrke forskarars arbeidsvilkår.
Jære: Oddmund Hoel er selv forsker. Hvilke saker er han som ny minister spesielt opptatt av når det gjelder forskningens vilkår?
I ei tid der forsking skal skape verdiar, må vi også verdsette forskaren. Eg er oppteken av at forskaren skal ha tid og rom til å forske, og at det skal vere rettferdige tilsettingsforhold. Derfor strammar vi inn bruken av mellombelse stillingar i ny UH-lov. I departementet er dette ein tematikk vi jobbar kontinuerleg med gjennom andre prosessar og tiltak.
Eg er også oppteken av meir overordna styring og tillit, og mindre detaljstyring og søknadsbyråkrati. Forskarar bør bruke meir tid på å forske og mindre tid på å skrive søknader som får avslag, difor arbeider vi for å få opp tilslagsprosenten i Noregs forskingsråd. Vi jobbar for meir myndigheit til og ansvar for kvar enkelt institusjon og den enkelte forskar.
Jære: Forskerforbundet mener at akademisk frihet bør grunnlovsfestes. Hva synes du om det?
Akademisk fridom og forskarfridom er ein heilt nødvendig føresetnad for all akademisk verksemd. Viss vi skal kunne stole på vitskapen, må vi vere sikre på at akademikarar kan snakke fritt. Derfor styrker vi vernet av den akademiske fridomen i ny universitets- og høgskulelov i tråd med framlegga frå Kierulf-utvalet.
Debatten om endringar i Grunnlova er først og fremst ein debatt for den lovgivande forsamlinga.
Jære: Forskerforbundets leder Guro Elisabeth Lind viser til undersøkelser der kun én av tre unge forskere svarer de vil anbefale andre en karriere innen forskning. I 2018 svarte halvparten det samme. Hva tror du er grunnen til at forskeryrket anses som mindre attraktivt enn før? Hva mener du bør gjøres?
Den same granskinga viser at to av tre stipendiatar og sju av ti mellombels tilsette sjølv ønskjer ein vitskapleg karriere i akademia, så biletet er nyansert, og mange opplever framleis forskaryrket som attraktivt. Men uansett er det viktig at vi saman held fram med å jobbe for gode arbeidsvilkår for forskarane, at vi er særleg opptekne av dei unge forskarane og at vi løftar fram dei fantastiske moglegheitene som ligg i ein karriere innan forsking.
Se også:
Foto: P Koch