Forskning

Å kuratere kunnskap for ei ny tid

Vi har organisert samfunnet slik at viktig kunnskap blir ignorert når politikk skal utformast, meiner professor Jeroen van der Sluijs. Han vil lage ein ny modell for kunnskapsorganisering.

Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk

Erfaringane frå pandemien har aktualisert spørsmålet om kva type ekspertise som blir brukt til å utmeisle politikk, meiner van der Sluijs, som er professor ved Senter for vitskapsteori ved Universitetet i Bergen. Og erfaringane viser at kunnskapsbasen oftast er altfor smal.

– I starten av pandemien såg vi at det først og fremst var epidemiologisk modellering som fekk forrang: Kunnskap som predikerte enorme tal på sjukehusinnleggingar, illustrerer han.

– Nedstengingar og den langsiktige effekten av dei på skulebarn, eller på folks mentale helse, derimot – dei vurderingane var ikkje inkludert. Og sjølv om kritikk av politikken har gjort at andre typar kunnskap er blitt inkludert etter kvart, så er kunnskapsbasen framleis dominert av slikt som kan teljast og uttrykkast ved hjelp av modellar.

Raske avgjerder i usikre tider

Korleis kunnskap blir omsett i handling er eit spørsmål van der Sluijs lenge har vore oppteken av. Han meiner det er så viktig at han no for andre gong har søkt om å få etablere eit senter for framifrå forsking for å dykke ned i temaet. Søknaden er gått vidare til andre runde, og i skrivande stund ventar van der Sluijs, saman med dei andre finalistane, på å få vite kven som får finansiering frå Forskingsrådet dei neste ti åra.

– Når vi står andsynes radikal uvisse, mange ukjende storleikar og mykje som står på spel, men der vi likevel må ta raske avgjerder, då fungerer ikkje den klassiske førestillinga om at vitskapen kan kontrollere alle variable. Då er det viktig med meir audmjukheit, og det er viktig å engasjere ein breiare kunnskapsbase, seier han.

Professor Jeroen van der Sluijs. Foto: Privat.

Dagens store utfordringar, som klimakrisa, biomangfaldskrisa, pandemiar og miljøgifter, er kjenneteikna nettopp av stor uvisse kombinert med behov for raske avgjerder. Desse fire områda planlegg van der Sluijs og kollegaene å arbeide med dersom senteret blir ein realitet.

Problemet handlar om korleis samfunnet har institusjonalisert evidensbasert politikkutforming. Van der Sluijs vil endre praksisen og forståinga rundt korleis nokre former for kunnskap blir prioriterte, medan andre og potensielt relevante kunnskapsformer i urimeleg grad blir ignorerte når avgjerder skal takast.

– Dei tradisjonelle måtane å handtere uvisse på i institusjonane er vanskelege å endre. Men vi kan ikkje bygge klimapolitikk på same måten som ein bygger ei bru. Uvissa er på ein heilt annan skala. Vi er inne i postnormal vitskap, seier han, med referanse til omgrepet som vart utvikla i 1990-åra. Postnormal vitskap handlar om å forstå usikre moment og verdidimensjonar i kunnskap som kan inngå i politiske avgjerder.

Varslarar blir ignorerte

Han nemner ei av sine hjartesaker, den urovekkande raske nedgongen i pollinerande insekt og samanhengen med auken i bruk av plantevernmidlar som neonikotinoidar.

– Birøktarar såg tidleg effektar av dei nye plantevernmidla på biene sine, men det regulatoriske systemet hadde ingen plass for den typen kunnskap, difor tok det lang tid før det kom eit forbod.

Det er regelen snarare enn unnataket at tidlege åtvaringar frå aktørar utanfor akademia
blir ignorert, peikar han på.

– Det europeiske miljøbyrået har vist dette gjennom sine Late lessons from early warnings-rapportar. Til dømes gjekk det meir enn hundre år frå dei første varsla kom om helsefaren knytt til asbest, før Europa innførte forbod mot asbest.

Men dersom viktig kunnskap aldri blir teke med i politiske vurderingar, korleis kan ein identifisere kva som manglar?

– Vi nyttar eit konsept vi kallar the logic of care, seier van der Sluijs.

Han viser til ei utbreidd oppfatting om at politikk må byggje på fakta, som ekspertane skal skaffe til vege, og som det så blir opp til politikarane å gjere verdibaserte vurderingar av.

– Vi meiner det er feil rekkjefølgje. Ein bør ikkje starte frå fakta, men frå bekymringar – concerns. Så må ein sjå på kva kunnskap som trengst for å ta tak i dei. Då vil vi lettare sjå kva som manglar, og vi kan involvere fleire menneske for å finne ut kva for relevante sider ved problemet som bør vere med i eit vitskapleg kunnskapsgrunnlag.

Frå kunnskap til handling

Senteret han søker om finansiering til, har fått namnet Centre for Actionable Knowledges (forkorta AcKnowledges).

– Med det meiner vi kunnskap som er eigna til å bli til handling, som kan hjelpe aktørane til å oppnå målsettinga si, seier han.

Dersom målsettinga er å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader, må kunnskapen hjelpe deg til det. Då er det ikkje tilstrekkeleg med projeksjonar for framtidig havnivå- eller temperaturstiging – tal som dei færraste kan relatere til handling.

– Det trengst kunnskap om kva for faktorar ein kan endre på for å oppnå ønskte utfall og unngå uønskte. Det høyrest logisk ut, men det er ikkje slik det fungerer i dag, hevdar van der Sluijs.

Gjennom senteret vil van der Sluijs og resten av laget hans utarbeide eit nytt rammeverk for korleis slik actionable knowledge kan settast saman.

– Ein kan ikkje berre kaste kunnskap over gjerdet inn til politikarane. Vi vil eksperimentere med samskaping av kunnskapsgrunnlag, og vi vil også observere korleis desse prosessane går føre seg i dag, seier han.

Kulturendring

Forskarane planlegg ein serie case-studiar for å kartleggje kva typar kunnskap som blir tillagt vekt, og kva typar som blir ignorert eller aktivt stilna – og kva som gjer at noko tel som vitskapleg kunnskap. Kunnskapsproduksjonen må mellom anna forståast i lys av maktforhold, verdiar og innarbeidde tankemønster. Van der Sluijs er open om at dersom ein vil sikre eit større mangfald i kunnskapsgrunnlaget, trengst det ei kulturell endring i forskarsamfunnet.

– Dagens akademikarar er trent i den idealistiske ideen om at for kvart spørsmål finst det ein vitskapleg fasit. Men den logikken fungerer ikkje på utfordringane vi møter i dag. Då må vi forstå andre måtar å ha kunnskap på, også utanfor akademia.

Kjønnsperspektiv, kunnskap om lokale forhold, og urfolkskunnskap er døme på kunnskapssystem som ofte blir ekskluderte. Men må då slike andre kunnskapssystem filtrerastgjennom akademiske institusjonar for å kunne inngå i eit vitskapleg kunnskapsgrunnlag?

– Ikkje nødvendigvis, seier van der Sluijs.

– Då stadfestar du at den vestlege vitskaplege tenkemåten er overlegen, og det kan kallast epistemisk urettvise. Vi må passe på at folk med annan type kunnskap får behalde eigarskapet til kunnskapen – at den ikkje blir overteken av akademikarar. Men samstundes må verdien av denne kunnskapen bli rekna med.

Utfordrande kvalitetskontroll

Det vil ikkje seie at han ønskjer seg eit kunnskapsgrunnlag utan kvalitetskontroll, men kontrollen treng ikkje nødvendigvis skje innanfor akademia.

– Ikkje-akademikarar må også involverast i kvalitetskontrollen, som er ei utfordring. Men her finst mykje tidlegare arbeid å byggje på.

Van der Sluijs har sjølv arbeidd med å utvikle eit rammeverk for kvalitetsvurdering av kunnskap i samskapingsprosessar der mange aktørar medverkar til eit komplekst kunnskapssystem, der verdivurderingane kan sprike og usemja vere stor. Han meiner også det er mykje å lære av korleis vitskaplege rådgjevingsorgan gjer risikovurderingar i dag.

– Til dømes er det stor forskjell på måten FNs klimapanel og FNs naturpanel arbeider på. Klimapanelet sprang ut frå klimamodellmiljøet, og mandatet deira krev konsensus. Naturpanelet har derimot heilt frå starten av opna for andre kunnskapssystem, og integrert lokalkunnskap og urfolkskunnskap. Eg har lenge meint at Klimapanelet bør reformerast og ikkje berre skrive eit kapittel om uvisse, men også dekke variasjonen i vitskapleg kunnskap, og variasjonen i tolkingane av kunnskapen. Det ville gitt eit rikare kunnskapsgrunnlag som kunne fått breiare aksept.

Hovedfoto: Mike Black