Vi treng eit nytt og meir systemisk blikk på europeisk konkurranseevne, meiner EU-ekspertar.
Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk
I september la Mario Draghi, tidlegare sjef for den europeiske sentralbanken og deretter italiensk statsminister, fram sin rapport om europeisk konkurransekraft, på bestilling frå EU-president Ursula von der Leyen.
Rapporten teikna eit dystert bilete av eit Europa som hamnar bakpå i konkurransen med USA og Kina, og er blitt mykje diskutert også i Noreg. Draghi foreslår mellom anna å «lukke innovasjonsgapet» mellom EU og USA ved å satse på avansert teknologi og fjerne reguleringar som kan hindre innovasjon.
– Men ingen stad i rapporten finst det nokon definisjon av konkurranseevne, seier Katherine Richardson, professor i biologisk oseanografi ved Københavns Universitet.
Richardson er leiar for EU-kommisjonens Expert group on the economic and societal impact of research and innovation (ESIR), ei gruppe av fagpersonar som rådgjev kommisjonen om forskings- og innovasjonspolitikk. Ho er også ein av opphavpersonane bak konseptet om naturens tolegrenser, eit forskingsbasert rammeverk som viser kva grenser for til dømes forureining, klimagassutslepp og tap av biologisk mangfald menneskeleg aktivitet må halde seg innanfor for å unngå katastrofale tippepunkt.
Definerer konkurranseevne
Eit par månader før Draghi, la ESIR fram sin eigen rapport om konkurransekraft og forskingspolitikk. I motsetnad til Draghi presenterer dei eit forslag til korleis ein bør definere eit konkurransedyktig EU: som ein føregangsregion når det gjeld å maksimere den samfunnsmessige verdien av å bruke verdas avgrensa naturressursar, og samstundes minimere dei miljømessige og sosiale kostnadane.
Det er god grunn til å byrje å ta omsyn til bruk av materielle ressursar når ein snakkar om konkurranseevne, meiner Richardson. Særleg for europearar er dette nærliggande:
– Land som USA og Canada er nye land som framleis lever på naturressursane sine, så det er nokså ukjent for dei å tenkje på ressursrestriksjonar. Medan Europa har ei historie med kolonialisme som var ein funksjon av ressursmangel heime, seier ho. Ein meir forsiktig omgang med naturressursar handlar ikkje berre om miljø, peikar ho på.
– Eg deltok i eit panel for litt sida der spørsmålet kom opp om kor lenge vi vil greie å overtyde andre land om å halde fram med å sende oss sine naturressursar? Det er ei aukande forståing av at vi må tenkje meir systemisk om konkurranseevne i framtida.
Betre liv med mindre fotavtrykk
Også Draghi-rapporten trekk fram avhengigheit av andre lands naturressursar som eit sårbart punkt for Europa, og tek til orde for ein heilskapleg strategi for å sikre tilgang til slike ressursar i framtida. Men der Draghi føreslår å utvikle ein samla europeisk «økonomisk utanrikspolitikk» for å sikre kritiske forsyningsliner, og å opne for meir gruvedrift i europeiske land, legg ESIRrapporten vekt på ressursproduktivitet, altså korleis ein kan få meir ut av mindre ressursforbruk.
– Alle organismar lever av å bruke ressursane rundt seg, det er det overleving handlar om. I vår definisjon av konkurranseevne, er det som står over brøkstreken, velstand og utvikling – eit betre liv. Det tyder ikkje nødvendigvis materiell velstand, men ønsket om å gjere verda til ein betre stad for borna mine. I form av god helse, tid med familien og så bortetter. Det er ein no-brainer, seier Richardson.
– Og for at dette skal kunne halde fram inn i det uendelege, så veit vi at ei berekraftig utvikling inneber at forbruket vårt av ressursar ikkje kan vere større enn tilbodet. Og det sosiale handlar om korleis vi deler på dette. Så det som står under brøkstreken, er å etterlate eit mindre fotavtrykk.
Verdsleiande på sirkularitet
Draghi-rapporten er blitt omfamna av både politikarar og forskingspolitiske aktørar her heime, av varierande grunnar. Røyster som UiO-rektor Svein Stølen og forskingsrådsdirektør Mari Sundli Tveit har applaudert rapportens oppmoding om å satse meir på framifrå og banebrytande forsking og innovasjon.
Sylvi Listhaug frå Framstegspartiet og Ola Borten Moe frå Senterpartiet brukte på si side, i ein kronikk på NRK, rapporten til å argumentere for ein mindre ambisiøs klimapolitikk og svakare regulering av næringslivet.
Ekspertane i ESIR peikar i sin rapport på at tradisjonelle inngangar til europeisk konkurranseevne, som produktivitetsvekst eller ønsket om å vere marknadsleiande på grøne teknologiar, ikkje er tilstrekkeleg dersom ein legg deira foreslåtte definisjon av konkurranseevne til grunn.
Ei meir systemisk tilnærming krev først og fremst at auka ressursproduktivitet må bli ei hovudmålsetting for forskings- og innovasjonspolitikken, skriv dei. Europa kan utnytte sin relative ressursmangel til å bli verdsleiande på ressurseffektivitet og sirkulærøkonomi.
– Det handlar om to ting, seier Richardson.
– For det første må vi redusere eller eliminere avfallsproduksjon. Det må koste å produsere avfall, for i dag er det ein eksternalitet som vi ikkje betalar for. Og for det andre må vi bruke avgrensa ressursar på ein slik måte at det ikkje kjem i konflikt med andre ressursar. Vi veit til dømes at fosfor er ein avgrensa ressurs. Vi kan ikkje produsere meir av det, difor må vi bruke det så effektivt vi kan, og resirkulere det. Tenkjer vi slik om ressursane våre, kan vi ha ein konkurransedyktig økonomi i framtida.
Den sosiale dimensjonen
Samstundes må konkurranseevne ha ein sosial dimensjon: Europa må vere ein attraktiv stad både å arbeide og å leve.
– Det er mange ting vi har mykje av, men som ikkje er synlege når vi måler oss sjølve mot USA eller Kina, seier Richardson.
– Mange tilsette i multinasjonale selskap likar å jobbe ein stad der dei ikkje blir plaga av luftforureining, eller der borna ikkje må øve på korleis dei skal oppføre seg under ei skuleskyting. Slike ting tel ikkje når ein diskuterer konkurranseevne i dag.
Difor peikar ESIR-rapporten på at digital innovasjon bør koplast til innovasjon i menneskesentrert teknologi som kan gje opphav til gode, lokale arbeidsplassar, ein føresetnad for sosialt samhald.
Med planetens tolegrenser som ramme egg ekspertane i ESIR vekt på at Europas komparative fortrinn må utnyttast på ein slik måte at internasjonale handelspartnarar også kan bli betre rusta til å nå sine eigne mål for berekraftig utvikling: Målet må vere vinn-vinn, ikkje eit nullsumspel.
– Eg trur vi er inne i ei transformativ tid på line med då Darwin fekk oss til å innsjå at mennesket er ein organisme akkurat som andre livsformer. No er vi i ferd med å innsjå at ikkje berre er vi natur, men vi er ein del av eit økosystem, og dersom vi ikkje respekterer det, er vi i trøbbel, seier Richardson.
Difor kjem vi ikkje utanom å regulere våre interaksjonar med omgjevnadene, meiner ho.
Planeten som ramme
– Menneska innsåg etter kvart at ein ikkje kan drite i drikkevatnet. No forstår vi at vi treng å regulere dette på globalt nivå. Dessverre tek ikkje dei økonomiske modellane hensyn til det: Vi ser ikkje naturmangfaldet som går tapt i Malaysia for å skaffe fôr til grisane som blir produsert i Danmark. Vi latar som om det er eksternalitetar. Men ser ein planeten under eitt, finst det ingen eksternalitetar. No byrjar fleire å forstå kor viktig det er med systemtenking.
Slike tankar finn ein ikkje att hos Draghi. Hans rapport gjev eit nikk til utsleppsfrie teknologiar som ei mogleg kjelde til økonomisk vekst, men elles er planetens tolegrenser fråverande i Draghis tilnærming til konkurranseevne.
Men Richardson fortel at ho stadig oftare høyrer folk seie at vi ikkje kan forvente at vår vekst skal halde fram med å vere basert på innhenting av ressursar frå andre stader.
– Difor treng vi nye indikatorar på konkurranseevne. Det held ikkje lenger å berre samanlikne bruttonasjonalprodukt kvart år, seier ho.