Europa

Frå «Plan S» til «Plan I»

Er det mogleg å gjennomføre Plan S på ein måte som gjer forskarane sin kvardag enklare i staden for vanskelegare? Ja, meiner nevrobiologen  og Open Access-forkjemparen Björn Brembs.

Kjerstin Gjengedal, journalist

Frå 2020 skal all offentleg finansiert forsk­ing vere tilgjengeleg for alle. Det er kjernen i det europeiske initiativet kjend som Plan S. Planen vart lansert i september i fjor av ein koalisjon danna av Det europeiske forsk­ingsrådet ERC og ei rekkje nasjonale for­skingsråd i Europa, og har sidan fått støtte­erklæringar internasjonalt.

Sidan har debatten gått om korleis forsk­ing skal publiserast i framtida. Mange forskarar fryktar at dei ikkje lenger kan publisere i sine føretrekte tidsskrift. Men nokre har teke til orde for at vi no kan slå  fleire fluger i éin smekk: Gjere livet enklare for forskarane, og sikre open tilgang til forsking i same slengen. Björn Brembs, professor i nevrogenetikk ved tyske Uni­versität Regensburg, er ein av dei.

Professor Björn Brembs, Universität Regensburg. Foto: Privat

Straumlinjeforma forsking

Brembs peikar på at forsking i dag er av­hengig av digital infrastruktur i alle fasar av prosessen.

– Forskarar har bruk for moderne in­frastruktur for å ta vare på og dele tekst, forskingsdata og programkode med kva­randre. Eg har lenge tenkt at nokon ein dag kom til å lage dei perfekte løysingane, men så langt har ingen gjort det, seier Brembs til Forskningspolitikk.

Draumen hans er at universitetet skal la han installere ein klient på si eiga data­maskin, som automatisk tek vare på alle forskingsobjekt slik at ein lett kan finne dei når det trengst, og som held styr på endrin­gar. Han vil kunne velje kven som skal få lese- og skrivetilgang slik at han kan sam­arbeide med kollegaer om å skrive og å samle data, og når ein kjenner seg klar til å dele innhaldet med omverda, kan det gjerast med eit klikk.

Arbeidet kan leggast i eit vitenarkiv, på ein preprint-server eller sendast til eit ope tidsskrift, og teknologien held styr på kva versjon lesarane ser – om det er eit arbeids­dokument, ein preprint, ein fagfellevurdert artikkel, og om innhaldet er sitert eller re­plikert av andre.

Teknologien held også styr på data­grunnlaget slik at lesaren kan generere sine eigne figurar eller laste ned data om ho øn­skjer det, utan at forskaren treng å depo­nere materiale på fleire ulike stader, i ulike format.

Tidsskrifta blir overflødige

Kvar dag kjem ei liste i epostboksen med tips til dei viktigaste og mest relevante artiklane innanfor forskaren sitt interesse­felt, valt ut gjennom kombinasjon av auto­matisk filtrering og råd frå andre forskarar. I ei slik verd blir tidsskrifta si rolle som portvaktar, overflødig.

Funksjonalitetane finst, men førebels er det snakk om enkeltprodukt som ikkje snakkar saman og som ofte er utvikla på prosjektbasis utan tanke for skalering eller langsiktig bruk.

Brembs etterlyser eit sett med felles standardar, som basis for verktøy som sva­rar på forskarane sine behov gjennom hei­le forskingsprosessen. Infrastrukturen må vere global og distribuert, slik at alt inn­hald er tilgjengeleg sjølv om ein stor del av nodane skulle bli sett ut av spel.

– Google Docs og Dropbox har alle­reie eksistert lenge. Kvifor har ikkje insti­tusjonen min tilbydd meg noko tilsvaran­de som eg kan bruke som vitskapleg tilsett? spør han.

Biblioteka har pengane

Men infrastruktur er berre éi side av saka. Det trengst også pengar og styring.

– Eg har lenge vore klar over at univer­sitetsbiblioteka sit på ei av løysingane, nemleg pengar. Vi treng infrastruktur for tekst, data og programvare, og pengane til slik infrastruktur strøymer i dag frå biblioteka til tidsskriftforlaga. Så kvifor kan ikkje biblioteka seie opp tidsskrift­abonnementa og bruke pengane til å gje meg infrastruktur i staden? Innvendinga er at forskarane treng tilgang til tidsskrif­ta, men mitt argument er at det har vi. Her i Tyskland har vi no i to år vore utestengt frå visse tidsskrift etter at forhandlingane med forlaga gjekk i stå, men vi får tak i artiklane likevel.

Styringselementet fall på plass då fag­miljø ved hans eige universitet nyleg ville søke om pengar til nytt og dyrt vitskapleg utstyr. Då oppdaga han at det tyske forsk­ingsrådet DFG (Deutsche Forschungs­gemeinschaft) berre vurderer søknader som oppfyller visse krav til infrastruktur.

– Krava kan vere veldig spesifikke, som kva type maskinvare du må ha, og kor mange stillingar som må følgje med for å drifte utstyret. Brått måtte tre insti­tutt jobbe på spreng for å oppfylle desse krava. Det opna augo på meg. Det viste seg altså at dersom vi ikkje kan få pengar frå forskingsrådet utan å ha infrastruktur på plass, ja, då skaffar vi den infrastruktu­ren. Sidan har eg snakka med folk frå andre organ som finansierer forsking, og dei seier det same: Dei vurderer ikkje søknader frå kven som helst, dei har klare kriterie for kven som kan søke.

Må stille krav

Brembs samla alle elementa i eit innlegg på bloggen sin, og ideen fekk raskt namnet «Plan I», for «infrastruktur».

– Alt ein treng å gjere, er å utvide desse krava som forskingsråda allereie opererer med, til å gjelde alle søknader.

Dei fleste forskingsråd har retningsliner for korleis forskingsinstitusjonane kan støtte open publisering og handtering av forskingsdata. Men retningslinene blir i liten grad følgt opp.

Det ville medføre relativt lite ekstra­arbeid å koordinere desse retningslinene, til dømes i form av ei sertifiseringsordning: Søknader om forskingsmidlar blir berre vurdert dersom dei kjem frå ein sertifisert institusjon som har dokumentert at dei har den viktige infrastrukturen på plass. I sta­den for å påleggje forskarane å publisere i rett type tidsskrift, pålegg ein altså institu­sjonane å leggje til rette for ein open for­skings- og fagfellevurderingsprosess.

– Dersom alle forskingsråd går saman om dette, så ville vi snart ha den infra­strukturen. Vi kunne leggje ansvaret til biblio­teka og bruke dei pengane som i dag går til tidsskriftabonnement, skisserer Brembs. ­

Forskarane må eige verktøyet

Forslaget hans er del av ein spirande dis­kusjon om korleis digitalisering av forsk­ing kan nyttast til å skape ein open, global kunnskapsallmenning. Ulike konkrete forslag verserer, og det er sett i gang initia­tiv for å kartleggje kva investeringar som må til.  Det er avgjerande, meiner både Brembs og andre, at infrastrukturen er eigd og koordinert av forskarsamfunnet. Kommersielle aktørar som Elsevier har for lengst sett potensialet i å tilby in­stitusjonane saumlaus infrastruktur for heile forskingsprosessen, og dersom dei får eige infrastrukturen og hauste renter av han, vil draumen om open kunnskaps­utveksling vere like langt.

Det ironiske er, fortel Brembs, at latinamerikanske forskarar allereie har nytt godt av systemet han etterlyser i meir enn tjue år – noko han først nyleg vart merksam på. Sidan slutten av 90-talet har spansk- og portugisisktalande land hatt plattformar for indeksering og open publisering av artiklar frå kvalitetstids­skrift. Tidsskrifta er oftast drifta av of­fentlege forskingsinstitusjonar og vit­skapsakademi, og det er i alle si interesse at innhaldet er tilgjengeleg for alle, for å motverke strukturane som elles lett gjer forsking utanfor den angloamerikanske marknaden «usynleg» i dei internasjonale indeksane.

– Systemet let dei publisere artiklar for ein brøkdel av prisen vi må ut med. No er vi der at våre institusjonar kan spare my­kje pengar på å implementere teknologi som forenklar forskingsprosessen, og like­vel har det ikkje skjedd. Det er på tide forsk­ingsfinansiørane seier at utan slik infra­struktur, ingen pengar, seier Brembs.

Hovedbilde: Getty Images.