Innovasjon

Innovasjon utan økonomisk vekst?

Innovasjonsforskar Mario Pansera ønskjer seg teknologi som set omsorg og vedlikehald i sentrum.

Kjerstin Gjengedal, for Forskningspolitikk

– Det meste av det vi kallar innovasjon, er underbygd av kravet om økonomisk vekst. Dersom vekst ikkje lenger er berekraftig, må ein også tenkje annleis om innovasjon.

Det seier Mario Pansera, direktør ved Post-Growth Innovation Lab ved Universitetet i Vigo i Galicia i Spania. I fjor fekk han eit starting grant frå Det europeiske forskingsrådet ERC for å undersøke nettopp dette temaet.

Prosjektet Prospera tek utgangspunkt i idear frå den såkalla motvekstrørsla. Kritikk av økonomisk vekst har vaka i bakgrunnen sidan rapporten Limits to growth vart publisert for femti år sidan i år (sjå eigen artikkel i dette nummeret av Forskningspolitikk), men det er først dei siste åra at kritikken har fått større spreiing og eit meir utvikla akademisk fundament i økologisk økonomi.

Men framleis dominerer veksttankegangen nærings- og innovasjonspolitikk, meiner Pansera. Difor må motvekstforskinga også utforske korleis innovasjon vil sjå ut i ei verd som ikkje krinsar rundt økonomisk vekst.

Omsorgsfull innovasjon

– Vi vil sjå på korleis ulike organisasjonsformer kan leggje til rette for ulike måtar å tenkje om teknologi, vitskap og innovasjon på, seier han.

Innovasjon i eit post-vekstsamfunn må vere annleis enn den «kreative destruksjonen» den austerrikske økonomen Joseph Schumpeter snakka om i 1930-åra, hevdar han.

– Schumpeter studerte kapitalismen og innsåg at innovasjon er drivkrafta for kapitalistisk ekspansjon og akkumulasjon. For å auke omsetninga, må du heile tida innovere: Finne opp nye produkt og betre og raskare produksjonsmåtar. Berre slik kan systemet halde fram med å vekse.

I staden prøver Pansera og kollegaene hans å studere innovasjon ved hjelp av omgrep som omsorg og vedlikehald. Til dette hentar dei inspirasjon frå feministisk økonomi. Det er ei relativt ny retning i økonomifaget som set søkelys på kva som blir rekna med, og kva som blir utelate, når økonomar reknar på verdiskaping. Det er vel kjent at aktivitetar som ikkje blir rekna som verdiskaping, gjerne er slikt som husarbeid og uløna omsorgsarbeid, som typisk blir utført av kvinner.

– Vi låner denne tilnærminga frå feministisk økonomi og argumenterer for å leggje til rette for organisasjonar som er meir opptekne av omsorg og vedlikehald, enn av å øydeleggje og overflødiggjere det som allereie finst, seier Pansera.

Ønskjer seg vennleg teknologi

For å identifisere slike organisasjonar nyttar dei mellom anna omgrepet convivial tools. Det stammar frå filosofen Ivan Illich, som introduserte det i 1973. Omgrepet har ingen norsk motpart, men skildrar teknologi og metodar som har til føremål å sette menneske i stand til å leve fritt gjennom frivillig og gjensidig samarbeid med andre – lat oss kalle det «vennleg» teknologi.

– Illich meinte at det kjem eit punkt der vestlege, vekstorienterte samfunn vil oppdage at veksten skapar større ulemper enn fordelar – veksten blir u-økonomisk, seier Pansera.

Han brukar bilen som døme: I starten vil fleire bilar på vegen gjere at fleire menneske kjem raskare fram. Men ettersom talet på bilar held fram med å vekse, kjem det eit punkt der kvar ny bil på vegen tvertimot gjer det vanskelegare for alle dei andre bilane å kome fram.

– Teknologi som sit fast i ein tilsvarande veksttankegang, har den typen problem – med miljø, med ujamn maktfordeling og med ujamn tilgang – innebygd. «Vennleg» teknologi er det motsette: Han er laga med forståing for sine eigne begrensingar, og brukaren kan forstå, modifisere og ikkje minst reparere teknologien.

I den forstand er sykkelen det motsette av bilen: Det er ein teknologi som ikkje stenger folk ute frå vegen slik bilen gjer, men tvertimot gjev fleire menneske tilgang. Den produserer ikkje forureining, men heller betre folkehelse.

– Og den gjev brukaren autonomi. Alle kan forstå korleis ein sykkel fungerer. Dette siste er ei stor utfordring, både for innovasjon og for vårt prosjekt: Korleis kan vi bringe avansert teknologi inn i dette feltet?

Mario Pansera og kollegaene hans prøver å studere innovasjon ved hjelp av omgrep som omsorg og vedlikehald. Foto: Privat.

Demokrati ein føresetnad

Her kjem organisasjonsformer inn i biletet. Pansera og kollegaene har funne at måten teknologiprodusenten er organisert på, avgjer om teknologien som blir produsert, er «vennleg» eller ikkje.

– Vi ser at di meir demokratiske organisasjonane er, di meir sannsynleg er det at dei produserer slik teknologi som vi meiner trengst, seier han.

I jakta på organisasjonar som får det til, studerer dei mellom anna samarbeidsprosjekt for fri og open programvare, men også fabrikkokkupasjonar: Tilfelle der fabrikkeigarar bestemmer å stenge eller flytte fabrikken, og arbeidarane okkuperer fabrikken og tek over produksjonen.

– Det viktige ved desse døma er at dei som produserer, reflekterer over kva dei produserer. Eg meiner det er ein fundamental rett alle arbeidarar bør ha, men som dei ikkje har i dag. Vår hypotese er at dersom arbeidarar får denne retten, vil vi sjå stor variasjon i samfunnsnyttig produksjon. Frå historia har vi eit slåande døme på dette, nemleg Lucas-planen, seier Pansera.

Lucas-planen vart laga av arbeidarar ved Lucas Aerospace Corporation i Storbritannia i 1976. Då leiinga annonserte at selskapet skulle rasjonaliserast som følgje av internasjonal konkurranse, og at tusenvis ville bli oppsagde, laga arbeidarane ein plan for korleis bedrifta kunne omstillast til å lage produkt med sosiale, i staden for militære, føremål.

– Dei foreslo rundt 150 moglege innovasjonar som kunne gje samfunnsnyttige produkt, og som kunne lagast billeg med maskinene og kompetansen som fanst – frå dialysemaskiner og kuvøser til vindturbinar. Eg trur det er ein sterk samanheng mellom «vennleg» teknologi og maktforholda mellom dei som produserer, og dei som bestemmer kva som skal bli produsert.

Historia om Lucas-planen enda ikkje godt. Arbeidarane fekk inga støtte, korkje frå bedriftsleiinga eller styresmaktene.

– Og motstanden kom ikkje fordi planen var urealistisk – dei hadde inkludert analyser som viste at han var gjennomførbar, også i ein marknadsøkonomi. Men å gjennomføre planen ville ha vore ei erkjenning av at hierarki ikkje er den einaste moglege måten å organisere produksjon på, seier Pansera.

Positive tendensar

Dette er eit viktig poeng når ein snakkar om innovasjon i post-vekstsamfunnet, meiner han.

– For vi veit at størstedelen av den økonomiske veksten hamnar hos ein liten samfunnselite, og det er i hovudsak dei same som kontrollerer både produksjonsmidlane og forskings- og innovasjonspolitikken. Difor er det viktig å lausrive innovasjonen frå mantraet om økonomisk vekst.

– Du meiner vi treng ein ny innovasjonspolitikk. Men europeisk innovasjonspolitikk er i endring, frå fokus på store samfunnsutfordringar til meir vekt på «ansvarleg» innovasjon og medverknad frå ulike interessentar. Kva meir trengst?

– Det stemmer at samskaping og medverknad er blitt viktigare, og det skjer positive ting for retten til å reparere. Men vi spør: Er dette verkeleg transformativt, eller er det snarare snakk om ein sofistikert måte å inkorporere kritikken og temme kritikarane på, slik at ein i bunn og grunn kan halde fram som før?

I Prospera-prosjektet opererer dei på tre ulike nivå. For det første studerer dei organisasjonar som allereie orienterer seg i retning av «omsorgsfull» innovasjon. I tillegg ser dei på nettverksnivået.

– Vi ser at desse organisasjonane fort blir isolerte. Dei tradisjonelle aktørane opplever alternativa som trugande. Vi vil undersøke korleis dei alternative organisasjonane handterer dette problemet.

Til sist vil dei studere det institusjonelle nivået.

– Vi observerer at målet med forskingspolitikken i mange land i det globale nord i aukande grad er å akselerere prosessen frå teknologisk utvikling til salbart produkt. Vi vil forstå korleis denne dynamikken har oppstått, og om det er mogleg å endre han, seier Pansera.

Hovedbilde: Tempura.