Forskning

Jesper Balslev ønskjer seg ein analogiseringsdebatt

Framtida skal bli endå meir digital, lovar styresmaktene. Samstundes prøver stadig fleire å regulere sin eigen skjermbruk, både privat og profesjonelt. Korleis skal desse to utviklingstrendane gå i hop?

Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk

– Min veg inn i dette feltet starta då eg skulle skrive ei ph.d.-avhandling om det kreative potensialet i digitalisering i utdanning, seier danske Jesper Balslev – typisk nok via ein videoplattform på internett.

Balslev er dosent ved Københavns Erhvervsakademi, men han er også ein av stiftarane av tenketanken Analogiseringsstyrelsen – eit halvt satirisk, halvt alvorleg motstykke til Digitaliseringsstyrelsen, som tilsvarar det norske Digitaliseringsdirektoratet.

Vil reforhandle digitaliseringa

For etter fleire tiår med digitalisering av alt og alle, er tida inne for ei «reforhandling om det digitale», meiner Analogiseringsstyrelsen. Kva rolle skal digitalisering eigentleg spele i samfunnet, og på kva premiss skal ho skje? Og ikkje minst, bør svaret av og til vere mindre digitalisering?

– I arbeidet med avhandlinga oppdaga eg fort at det var store evidensproblem når det gjeld digitalisering og læringseffektar i skulen, seier Balslev.

– Det var uråd å finne undersøkingar som viste eit evidensgrunnlag for investeringane. Samstundes kom det ulike rapportar,  frå aktørar som Europaparlamentet og OECD, der det vart hevda at digitaliseringa i skulen tvert imot var korrelert med dårlegare skuleresultat. Det vart meir og meir tydeleg for meg at digitaliseringa av utdanningssystemet ikkje er basert på empirisk  kunnskap om gagnlege effektar.

Arbeidet resulterte ikkje berre i ei avhandling, men også i boka Kritik af den digitale fornuft i uddannelse.

Digital sjølvregulering

Om lag på same tid oppdaga han eit nytt akademisk forskingsfelt: Digital Disconnection Studies.

– Som handlar om kvifor folk vel frå seg det digitale. Det politiske blikket på dette har vore at dei som ikkje deltek digitalt, er ofre: For høg alder, dårleg digital infrastruktur eller manglande kunnskap. Men vi ser at mange ressurssterke menneske vel vekk det digitale i nokre situasjonar. Og forskingsfeltet viser at den vestlege verda er ambivalent når det gjeld digitalisering, seier han.

Han forsvinn ut av syne for kameraet og kjem tilbake med ein gjennomsiktig boks. Boksen har ein – digital – tidslås slik at når du legg telefonen i boksen, kan du ikkje bruke han før tida er gått, same kor mykje du vil.

– Mange i Danmark har ein slik, eller dei brukar appar som låser tilgangen til internett i ei viss tid, slik at dei får gjort det dei skal. Så på eit praktisk plan er det ein stor marknad for måtar å regulere teknologibruken på, seier han.

Schizofren debatt

Danmark – og Noreg – er heilt i verdstoppen på digitalisering. Men medieundersøkingar viser at fleire prøver å kutte ned på eiga skjermtid, og digitalisering blir meir problematisert i offentleg debatt.

Uro for digitalisering i skulen er blitt forsterka av introduksjonen av generativ kunstig intelligens. Samstundes har kritikken av pasientjournalsystemet Helseplattformen vist at diskusjonar om store IT-prosjekt kan nå langt utanfor dei som har den tekniske kompetansen til å forstå innhaldet i prosjektet.

– Samtalen er nokså schizofren no, for vi har fått ein tydeleg kritisk debatt om dei mest synlege problema ved digitaliseringa, som gjeld barn og smarttelefonar. Det blir stilt spørsmål ved korleis teknologien verkar på læring, på reklametrykk mot barn, på einsemd, depresjon og nettmobbing. I Danmark er det ei sterk kjensle av at på dette feltet må vi gjere noko, seier Balslev.

I Noreg og fleire andre land vurderer til dømes regjeringar no om og korleis ein kan innføre aldersgrense på sosiale medium.

Samstundes, når regjeringa i desse dagar presenterer den nye nasjonale digitaliseringsstrategien, er premissen framleis at stadig fleire tenester og funksjonar skal digitaliserast.

I april lanserte digitaliseringsminister Karianne Tung eit mål om at 80 prosent av offentleg sektor skal ta i bruk kunstig intelligens innan 2025, utan at det er så nøye kva det blir brukt til.

Universitets- og høgskulesektoren har hatt digitaliseringsstrategiar i fleire år, og då kunnskapsminister Oddmund Hoel på seinvinteren inviterte til innspel til den komande stortingsmeldinga om forskingssystemet, var aukande digitalisering ein av bakgrunnstrendane han trekte fram.

Jesper Balslev er ein av stiftarane av tenketanken Analogiseringsstyrelsen, eit halvt satirisk, halvt alvorleg motstykke til Digitaliseringsstyrelsen Foto: privat.

Digitalt arbeidsliv, fråkopla privatliv

Men parallelt ser vi ein aukande politisk vilje til å regulere dei store amerikanske teknologiselskapa, meiner Balslev.

– Det danske Erhvervsministeriet, som vanlegvis har vore ein forkjempar for teknologiselskapa, lanserte nyleg ein rapport om korleis dei no vil sette grenser for overvakingskapitalismen, med 13 konkrete råd. Men førebels ser det ikkje ut til at det får praktiske konsekvensar som er synlege i rekneskapane, så kanskje er denne typen kritiske offentlege rapportar berre signalpolitikk, spekulerer han.

Både i Noreg og Danmark verkar debatten å gå langs to spor som peiker i motsett retning: I arbeidslivet blir digitalisering sett som ein føresetnad for effektivisering og kostnadskutt. I privatlivet er det langt meir uklart, digitale verktøy kan vere kjelde til nytte og glede, men også til frustrasjon og ulukke. Samstundes grip nokon sitt arbeidsliv inn i andre sitt privatliv. Stadig fleire nyhendeartiklar tek opp problema som møter den store gruppa av menneske som av ulike grunnar ikkje kan nytte digitale tenester.

Analoge borgarrettar

Analogiseringsstyrelsen har difor lansert eit forslag til analoge borgarrettar. Dei meiner styresmaktene aldri skal kunne påleggje borgarane å vere tilkopla internett, eller å eige smarttelefonar. Det skal alltid finnast eit analogt alternativ.

I dag, hevdar tenketanken, er innbyggjarane ikkje berre forventa å drive digital sjølvbetening for å få tilgang til offentlege tenester – dei skal også stille med mykje av infrastrukturen for desse tenestene, i form av smarttelefonar og datamaskiner med sikker internettilkopling.

– Dersom alle fekk ein telefon av staten, kunne ein forstå logikken, men slik er det jo ikkje, seier Balslev.

Han peikar på at den digitale infrastrukturen som dei ulike tenestene blir formidla gjennom, typisk kjem frå private amerikanske selskap, som Microsoft. Og denne infrastrukturen blir stadig dyrare.

– Eg har aldri høyrt om noko Silicon Valley-selskap som ikkje først tilbyr sine verktøy gratis, for så å ta stadig meir betalt – eller øydeleggje dei med reklame. Slik går det alltid. Kor mykje er vi villige til å betale? Det er rart at vi ikkje snakkar meir om det, seier han.

Kva er kunnskapssektorens rolle?

Kunnskapssektoren står i sentrum for digitaliseringsdebattane. Men medan vi no diskuterer å avdigitalisere grunnskulen, er beskjeden til høgare utdanningsinstitusjonar heller å få enno meir fart på digitaliseringa, ikkje minst gjennom forsking på, og bruk av, kunstig intelligens. Har analoge borgarrettar noko å gjere ved universitet og høgskular?

Balslev fortel at han har byrja samle på forskingsartiklar om dei negative effektane av digitalisering og kunstig intelligens for akademia: Alt frå korleis kunstig generert tekst forureinar forskingslitteraturen og fagfellevurderingsprosessen, til korleis ukritisk lagring av data i seg sjølv er eit miljøproblem.

– ChatGPT kan sjølvsagt hjelpe deg å skrive fleire artiklar, men det vi har bruk for, er fleire gode artiklar, seier han.

– Alt peikar på at tankemangfald er ein føresetnad for innovasjon. Vi lever i ei krisetid der vi faktisk treng nye tankar, men ChatGPT gjev deg det motsette, eit gjennomsnitt av kva vi har gjort dei siste 20 åra.

Han peikar på at dei som fann opp dei digitale verktøya vi alle brukar i dag, vaks opp som analoge lesarar.

– Når vi hyllar dei største tenkarane i samfunnet, er det ikkje folk som skulle publisere ti artiklar i året i topptidsskrift. Dei skulle berre uttrykke sine beste idear. Det burde vi også kunne bruke noko av tida vår til.

Foto: Prostock-Studio