Forskning

Trump-administrasjonen seier nei til forskingsbasert politikk

Ei fersk kartlegging viser at Trump-administrasjonen har gjort alt i si makt for å undergrave sin eigen kapasitet til å ta forskingsbaserte avgjerder. Det har fått følgjer også for den amerikanske pandemi-handteringa.

Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk

– Eit kjenneteikn ved Trump-administrasjonen er at han kuttar i budsjetta til alle føderale etatar som driv forsking. Dei foreslår heile tida massive budsjettkutt, som Kongressen i mange tilfelle prøver å motverke. Det er ein veldig politisert dragkamp, seier Christopher Sellers.

Han er professor i miljø- og helsehistorie ved Stony Brook University i New York, og sit i leiinga for organisasjonen Environmental Data & Governance Initiative (EDGI).

Kartlegg nedbygging

EDGI publiserer denne våren ein serie rapportar der ein kartlegg korleis Trump-administrasjonens budsjettkutt og politiske stillingsutnemningar systematisk har fått svekke dei føderale styresmaktene sin kapasitet til å handtere trugsmål mot folkehelsa. Det gjeld spesielt på det miljøfaglege området, men har også fått konsekvensar for handteringa av korona-pandemien.

Det har aldri vore tvil om at Environmental Protection Agency (EPA), det amerikanske miljødirektoratet, har vore ei særskilt utsett skyteskive for administrasjonen. Men EDGI dokumenterer at også Centers for Disease Control and Prevention (CDC), den viktigaste folkehelseetaten, har mista kapasitet under Trump-administrasjonen.

– Vi ser at sjølv om Kongressen ofte ønskjer å støtte ein del av desse institusjonane i budsjettprosessen, så greier administrasjonen å redusere aktiviteten deira likevel gjennom å kontrollere utnemningar og liknande. Så trass i Kongressens støtte har CDC fått redusert både budsjett og stab, seier Sellers, som er hovudforfattar av rapportane.

Environmental Protection Agency (EPA),
Det har aldri vore tvil om at Environmental Protection Agency (EPA), det amerikanske miljødirektoratet, har vore ei særskilt utsett skyteskive for administrasjonen., seier Sellers.  Environmental Protectioin Agency,  Washington DC. Foto: bpperry

CDC har ei forskargruppe i Kina som arbeider nettopp med å identifisere globale helsetrugsmål som Covid-19, men denne gruppa er blitt redusert til nesten ingenting i løpet av dei siste tre åra. Også andre store CDC-program for global helse og førebygging av smittsame sjukdomar er blitt reduserte. Når CDC i det store biletet ikkje har opplevd like store kutt som dei miljøfaglege etatane, er det berre fordi budsjettkutta er blitt stogga i Kongressen.

– Mykje av dette skjedde før pandemien kom. Dei førebyggande strukturane retta mot å handtere globale epidemiar, som vart bygde opp under Obama, og som ville ha vore nyttige nett no, er blitt demonterte under Trump. Vi er blitt mindre førebudde på så mange nivå, seier Sellers.

Frykta tap av data

EDGI vart danna av ei gruppe aktørar frå akademia og sivilsamfunn, straks Donald Trump vann det amerikanske presidentvalet i november 2016. I utgangspunktet var føremålet å sikre trygg lagring av viktige offentlege miljødata som ein frykta kunne gå tapt under Trump-administrasjonen. Fleire av initiativtakarane hadde den kanadiske, vitskapsfiendtlege Harper-regjeringa friskt i minne, då vitskaplege institusjonar i Canada mista finansiering og store mengder miljødata forsvann for godt.

I dag er EDGI ein vakthund-organisasjon, som ikkje berre tek vare på data, men overvakar utviklinga i miljøpolitikk og intervjuar tilsette i miljø- og helsebyråkratiet og dei statlege forskingsinstitusjonane om kva for endringar dei opplever.

– Ein annan trend som vi ser på tvers av alle etatar, er ei dreiing frå førebygging til reaktiv katastroferespons, seier Sellers.

Dette er ein trend som skriv seg frå tidleg 2000-tal, men som er blitt forsterka under Trump, meiner han.

– Etter 11. september-åtaket vart det eit sterkt fokus på krisehandtering, og bioterrorisme vart på nytt eit viktig felt. Det vart mykje ressursar tilgjengelege på desse områda, og forskarar byrja tilpasse prosjekta sine slik at dei passa innanfor ei ramme av krisehandtering.

Heller etter snar enn føre var

Utviklinga er lett å sjå på klimaområdet, meiner Sellers, der administrasjonen vel å behandle klimaendringar som naturkatastrofar og reagere deretter.

– Vi ser det også innan helse. Ressursar er blitt flytta frå folkehelseorienterte, forskingsbaserte CDC-program, over til andre delar av forvaltinga som er meir orienterte mot krisehandtering og nasjonal tryggleik, seier han.

Eitt døme er det nasjonale beredskapslageret for kritisk medisinsk utstyr og medikament, som tidlegare vart administrert av CDC. Frå 2019 vart programmet flytta frå CDC og over til ein annan del av helsedepartementet som har ansvar for helsekriseberedskap.

– Min personlege teori er at mykje av dei problema vi har sett no, der delstatane manglar ventilatorar og smittevernutstyr og må konkurrere med kvarandre på den private marknaden, kjem av denne endringa. Når du flyttar eit så stort program, tilsvarande hundrevis av millionar av dollar, så fører det til store byråkratiskeutfordringar i lang tid, seier Sellers.

Set miljø opp mot økonomi

Sjølv om EDGI først og fremst overvakar dei miljøfaglige institusjonane, så er folkehelse ein viktig del av miljøpolitikken, og det vart difor naturleg å også sjå på utviklinga ved CDC i dette prosjektet.

– Føremålet til EPA er å verne miljø og helse, og mange miljøreguleringar er preventive, så ein kan sjå på EPA som ein folkehelseinstitusjon. EPA og CDC er mykje på same side når det gjeld å førebygge skade, seier Sellers.

Den store skilnaden mellom dei er at EPA har myndigheit til å regulere, medan CDC ikkje har det. Sellers trur det er noko av grunnen til at EPA har opplevd dei største kutta og endringane, medan CDC til samanlikning har sluppe billegare unna.

I rapportane kjem det fram at administrasjonen har lukkast med å framstille miljøreguleringar som noko som står i motsetnad til jobbskaping og økonomisk aktivitet. EPA har eit breitt mandat og har tradisjonelt vore flink til å utarbeide reguleringar på basis av forsking. Det er denne kapasiteten Trump-administrasjonen har gjort sitt beste for å bygge ned, både gjennom budsjettkutt og ved å utnemne leiarar som gjerne låner øyre til industrilobbyistar, men ikkje til eigne forskarar.

– Denne dynamikken er ikkje like intens i CDC, truleg fordi dei berre kan utarbeide retningsliner, medan regulering skjer på delstatsnivå. Konfliktlinene i CDC kan sjå ut til å handle meir om folkehelseaspektet versus klinisk medisin. Klinisk medisin har tettare band til legemiddelindustrien, som amerikansk helsevesen alltid har favorisert, av ideologiske grunnar. Dermed får legemiddelindustrien fordel av denne dreiinga eg snakka om, frå førebygging til krisehandtering, seier Sellers.

Forskarar sluttar

Gjennom rapportserien prøver EDGI å skaffe oversikt, og gje ei heilskapleg framstilling, over kvar konfliktlinjene går i det komplekse landskapet som offentleg forsking og politikkutforming er. Sjølv om Trump-administrasjonen så vidt ein veit ikkje har øydelagd data frå forsking og miljøovervaking, er mykje forskingsbasert informasjon blitt svært vanskeleg tilgjengeleg. Det er «offentleg» informasjon som er blitt så godt gøymd at han likevel ikkje er offentleg.

Ein annan tydeleg effekt, fortel Sellers, er at forskarar forsvinn frå EPA i større grad enn andre stillingstypar.

– Mange av dei kjenner på at dei ikkje lenger kan gjere den jobben dei trudde dei skulle gjere då dei starta. Trump-administrasjonen har øydelagd det som var etatens føremål. Det er traumatisk, særleg for folk som har arbeidd der lenge. Mange sluttar, medan andre prøver å finne måtar å passe inn på. Men EPA sitt vitskaplege arbeid er heilt klart blitt redusert, seier Sellers.

Foto topp: Christopher Sellers er professor i miljø- og helsehistorie ved Stony Brook University i New York, og sit i leiinga for organisasjonen Environmental Data & Governance Initiative (EDGI). Foto: Stony Brook University