Innovasjon

– Vi treng «eksnovasjon» like mykje som innovasjon

Entreprenørar må bli flinkare til å utstyre innovasjonane sine med sjølvdestruksjonsknappar, meiner Raffi Duymedjian.

Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk

Den som har tilbrakt litt tid i akademia, kan ikkje unngå å ha oppdaga kor stor plass ordet innovasjon har fått i det forskingspolitiske ordskiftet. Og det skal ikkje bli mindre: I den nye EU-kommisjonen skal forskingskommissæren fokusere på grunnforsking, disruptiv innovasjon og vitskapleg eksellens, som saman med digital teknologi skal utgjere motoren i EU-økonomien. Utdanning er derimot fjerna frå ansvarsområdet.

Raffi Duymedjian er førsteamanuensis ved Grenoble Graduate School of Business i Frankrike (privat foto)

Oppdraget byggjer på Mario Draghis rapport om (manglande) europeisk konkurransekraft, der han mellom anna kritiserte rammeprogrammet Horisont Europa for å ha for lite fokus på banebrytande innovasjon.

Samstundes observerer vi dagleg korleis mange av krisene samfunnet må handtere, er forårsaka eller forsterka av banebrytande innovasjonar. Nokre forskarar har så smått byrja peike på at innovasjonsjaget – pro-innovation bias – ikkje berre kan føre til at vi overser moglege skadeverknader av innovasjon, men kan vere til direkte hinder for meir ansvarleg innovasjon.

Når innovasjonar må ut

Det er her omgrepet eksnovasjon kjem inn frå kulissane. Det vart opphavleg introdusert i 1981 av John Kimberley, i tydinga det som skjer når ein organisasjon kvittar seg med ein innovasjon dei tidlegare har teke i bruk.

– Så eg vart overraska over å oppdage at folk som jobbar med innovasjon og entreprenørskap, knapt kjenner omgrepet i det heile. Og sjølv innan organisasjonsstudiar ser det ut til å vere gløymt.

Det seier Raffi Duymedjian, som er førsteamanuensis ved Grenoble Graduate School of Business i Frankrike. Der har han særleg vore oppteken av kva rolle bricolage – ei gjer-det-sjølv-innstilling der ein gjer bruk av dei
ressursane ein måtte ha for handa – spelar i innovasjonsprosessar.

– Då vi kom over omgrepet, tenkte vi det kunne vere interessant å undersøke kva ansvar entreprenørar har for innovasjonane sine, seier han.

Praksis eller politikk

Duymedjian og kollegaen Nicolas Verger gjorde eit litteratursøk for å sjå korleis omgrepet vart brukt i ulike forskingsfelt. Dei fann at i den grad det vart brukt, så var det særleg på to ulike felt: medisin og helse, og energi- og transisjonsstudiar.

– Helsesektoren kjem truleg nærast den opphavlege definisjonen, seier Duymedjian.
– Det ein gjer på sjukehus, har store konsekvensar for folk. Du kan ikkje berre gjere ting utan å vite kvifor.

Eksnovasjon er ein måte å tenkje refleksivt om ein praksis på: Skal vi halde fram med dette, eller slutte? Det er mykje eksperimentering i helsesektoren, som ikkje er dumt, for det kan vere komplisert å finne fram til den rette måten å gjere ting på. Viser noko seg å vere farleg, må ein slutte med det.

Innanfor studiar av energi og grøn omstilling vart omgrepet brukt om det å gå vekk frå ikkje-berekraftige system og infrastrukturar på ein planlagd måte, før marknaden bestemmer at systemet er verdilaust. Eit nærliggande døme er den gryande debatten om ei planlagd avvikling av norsk oljeindustri.

– Eg trur ein kan seie at på dette feltet er omgrepet knytt til styresmakter og til ikkje-statlege organisasjonar. Det er opp til organisasjonane å følgje med på konsekvensane av innovasjon, og dersom dei viser seg å vere til skade, må organisasjonane så prøve å påverke styresmaktene for å bli kvitt dei, seier
Duymedjian.

Teknologi mot dødsangst

Mønsteret som avteikna seg, var at i helsesektoren blir omgrepet brukt om praksisar på mikronivå. Innanfor energi og omstilling vart det brukt på makronivå. Derimot mangla mellomnivået. Men det er ikkje det same som at fenomenet er ukjent mellom entreprenørar og bedrifter, hevdar Duymedjian. Ein snakkar berre om det i andre vendingar.

– Som til dømes pivoting. Det tyder å endre eit produkt eller ein ide i retning av eit nytt mål. For meg er det ein forskjønnande måte å seie at ein vil bli kvitt noko på. Eller exiting: Då gir du kanskje opp selskapet eller innovasjonen din, men det tyder ikkje at innovasjonen døyr, berre at nokon andre tek over. Eller dismantling, eller to kill a project.

Men ingen av desse andre orda er like hardtslåande som eksnovasjon, meiner han.

– Når du eksnoverer, slik Tyskland til dømes gjorde med kjernekraft, så tyder det at ein øydelegg store sektorar i industrien og mange misser jobben. Så effekten er større.

– Kva treng vi termen eksnovasjon til?

Duymedjian svarar med å trekke opp dei lange metafysiske linene i teknologihistoria:

– Ideen om å meistre naturen er gammal, vi kjenner han allereie frå filosofar som Hobbes og Descartes. Vi har behov for å meistre ting for å kontrollere frykta for døden, og vi prøver å meistre naturen på mange måtar: Ved å eige den, eller temje den, eller måle den. Teknologi er også ein måte.

Han meiner at sjølv om vi etter kvart har ein lang tradisjon for å prøve å forstå effekten av teknologisk innovasjon i samfunnet, så har det teke oss tid å innsjå at innovasjon ikkje alltid er det same som framsteg, og at vi ikkje alltid meistrar det vi gjer.– Men etter at vi fekk atombomba og Tsjernobyl og slikt, har vi etter kvart innsett at vi ikkje veit korleis vi skal uskadeleggjere desse tinga. Vi tenkjer berre på korleis vi kan lage ting, ikkje korleis vi kan bli kvitt dei. Og det er eit problem.

Sjølvdestruksjonsknappen

Dei har berre såvidt starta arbeidet med å fordjupe seg i ideen om eksnovasjon, men førebur to publikasjonar, den eine med utgangspunkt i litteraturkartleggjinga, den andre om etikk i entreprenørskap.

– Entreprenørar bør ha eit ansvar for å eksnovere sine innovasjonar. Akkurat no bryr dei seg ikkje, seier Duymedjian.

– Men vi har jo ideen om ansvarleg innovasjon, er ikkje det tilstrekkeleg?

– Ansvarleg innovasjon er ein måte å integrere sosiale eller økologiske konsekvensar av innovasjonen i innovasjonsprosessen på, men det er ikkje det same som å tenkje på korleis innovasjonen kan avsluttast, seier han.

Ein ting er at det er uråd å tenkje seg alle dei moglege konsekvensane ein innovasjon kan få. Ein annan ting er kva entreprenøren gjer når hen har skapt noko som viser seg å vere skadeleg.

– Det er vanskeleg å drepe noko du har sett inn i verda, særleg dersom det var veldig vanskeleg og dyrt å skape.

Duymedjian og Verger skreiv nyleg ein kronikk om nettopp entreprenørens ansvar, der dei samanlikna eksnovasjon med sjølvdestruksjonsmekanismen i ein rakett.

– Det er veldig komplekst å be entreprenørar om å tenkje over korleis produktet deira skal døy. Eg veit ikkje korleis det vil kjennest å trykke på sjølvdestruksjonsknappen etter at du har brukt ti år og millionar av dollar på å lage ein rakett, men du har ansvar for å utstyre raketten med ein slik mekanisme.

Ein skapar må kunne øydeleggje

I kronikken viser dei to til den austerrikske økonomen Joseph Schumpeter, som er kjend for sine analysar av funksjonen innovasjon har i økonomien. Schumpeter likna entreprenørar med kunstnarar.

Samanlikninga nyanserer ideen om innovasjon, hevdar forskarane: Ein kunstnar er ikkje fullstendig herre over den kunstnariske prosessen, hen må vere open for det tilfeldige og det overraskande. I tillegg er destruksjon ofte ein sjølvsagt del av kunstnarens prosess. Målarar og skulptørar øydelegg eller forlet verk som ikkje fungerer, og mange forfattarar og komponistar har makulert tidlegare verk eller nedlagt forbod mot publisering eller framføring.

– Eg trur eitt av problema med vitskap og innovasjon er at dei byggjer på ein ide om akkumulasjon, som medfører at vi aldri kan kvitte oss med noko, seier Duymedjian, som poengterer at det etter hans syn ikkje er eksnovasjon når eit selskap sluttar å tilby eit produkt eller ei teneste.

– For då er det vanlegvis marknaden som tek avgjerda for dei. Eksnovasjon handlar om at når du designar noko, må du også designe ein måte å øydeleggje det på. Du må tenkje deg moglegheiten av at katastrofen kan kome, og inkludere den tanken i skapingsprosessen.

Hovedfoto: HRAUN