Europa

Vil idealforskaren til livs

Før vi får bukt med det maskuline biletet av idealforskaren, vil vi neppe oppnå kjønnsbalanse i akademia, meiner den nederlandske sosialpsykologen Belle Derks.

Av Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk

– Eg er så lei av den sterke førestillinga som finst, i alle fall her i Nederland, om at kvinner er i mindretal i høgare akademiske stillingar fordi dei føretrekk å få barn og forlate akademia, seier Derks.

Vi møter henne på Gender Summit Europe i Amsterdam, der ho har halde innleiingforedraget på konferansen.

Nederland scorer høgt på dei fleste akademiske kvalitetsindikatorane, men kjønnsbalanse er ikkje ein av dei. Kvinneandelen i akademiske toppstillingar ligg på 21 prosent (i Noreg er talet 31 prosent). Men kvinner forlet ikkje akademia fordi dei har ei sterk drift mot familieliv og deltidsjobbar, men fordi akademia er innretta på ein måte som fører til at spesielt kvinner, men også mange menn, ikkje kjenner seg velkomne, hevdar Derks.

Maskulint forskarideal

Derks er professor i sosial- og organisasjonspsykologi ved Universiteit Utrecht, og leiar for det nederlandske Akademiet for yngre forskarar. I Utrecht leier ho eit laboratorium som driv forsking på kjønns- og minoritetsstereotypiar i arbeidslivet, og korleis slike stereotypiar påverkar dei vala menn og kvinner gjer.

– Vi veit til dømes at maskulinitet er sterkt knytt til handlekraft, medan femininitet er knytt til fellesskap, seier ho.

Problemet er at ideen om den perfekte akademikar er eit eksepsjonelt maskulint ideal. Det er både kvinner og menn samde om.

Derks er for tida i ferd med å publisere resultat frå ei stor spørjeundersøking blant nederlandske akademikarar, utført i 2018. Respondentane vart mellom anna bedne om å svare på kva som kjenneteiknar vellukka forskarar innan deira eige fagfelt.

Eigenskapane kan delast i maskuline (høg sjølvtillit, risikovillig, sjølvmedviten, konkurranse- og resultatorientert) eller feminine (god samarbeidspartnar, hjelpsam, lojal, omsynsfull, legg vekt på undervising). Dei maskuline eigenskapane vart trekte fram som klart viktigast for akademisk suksess – med små variasjonar basert på fagfelt.

Alle lir under stereotypien

Samstundes såg respondentane, både dei mannlege og kvinnelege, i gjennomsnitt på seg sjølve som meir fellesskaps- enn konkurranseorienterte. Det eksisterer altså eit gap mellom korleis forskarar flest oppfattar seg sjølve, og korleis dei oppfattar at ein må vere om ein vil nå til topps i akademia.

– Og dette får negative konsekvensar for alle, både kvinner og menn. Alle som kjenner det slik, oppfattar at dei ikkje passar inn. Det er berre at kvinner blir sterkare påverka, seier Derks.

For kvinner får ofte høyre at dersom dei vil oppnå draumen om å bli professor, må dei bli litt meir som menn. Litt meir omsynslause, litt betre til å framheve seg sjølve.

– Men når kvinner oppfører seg meir som menn, går dei imot den felleskapsorienterte og omsorgsfulle rolla dei er forventa å spele, og då sluttar vi å like dei, peikar Derks på.

Både kvinner og menn blir straffa sosialt dersom dei bryt med rolleforventingane, men «tilhøyrslegapet» i akademia er større for kvinner enn for menn ettersom menn kan oppnå suksess i akademia ved å spele på lag med rolla dei er tiltenkt, medan kvinner må bryte med rolla.

Sjølvoppfyllande profeti

Resultata frå undersøkinga tyder på at kjensla av å ikkje vere handlekraftig nok til å bli ein vellukka akademikar, er størst mellom yngre forskarar. Dessutan ser det ut til at stereotypien om den vellukka akademikaren ikkje er utan rot i røyndomen: Di høgare opp i stillingshierarkiet ein kjem, di meir handlekraftige, sjølvmedvitne og konkurranseorienterte er forskarane.

Det er truleg fleire grunnar til det, meiner Derks. Ein ting er at den maskuline forskarstereotypien fører til at kvinners arbeid blir systematisk undervurdert, slik overveldande mengder forsking i mange år har vist. Det er ei kjent sak at kvinner stadig opplever å måtte vise at dei er gode nok, medan tvilen kjem menn til gode.

Ein annan ting er at kjensla av å ikkje høyre til, fort blir ein sjølvoppfyllande profeti.

– Dei som har kjensla av å ikkje vere handlekraftige nok til å bli ein vellukka forskar, rapporterer at dei er meir slitne og mindre engasjerte i jobben enn andre. Dei identifiserer seg mindre med forskarkarrieren, dei opplever at dei har mindre påverknadskraft på eiga karriere, og dei rapporterer i større grad at dei ser etter moglegheiter utanfor akademia, seier Derks.

Og det hjelper ikkje at kvinner som likevel prøvar å oppfylle det maskuline forskaridealet, blir oppfatta som sjefete og «bitchy». Idealet kan dessutan medverke til å undergrave solidariteten kvinner imellom, fordi dei få kvinnene som når toppen i akademia, oftast har eit sjølvbilete som tilseier at dei «ikkje er som andre kvinner»: Dei har nådd posisjonen sin ved å gjere store offer med lite støtte, og ofte aktiv motarbeiding, frå omgjevnadene, og det er difor ikkje nokon automatikk i at dei vil gje hjelp og støtte til yngre kvinnelege kollegaer.

Kvinner får mindre av alt

Undersøkinga funna hennar bygger på, vart utført på oppdrag frå Dutch Network of Women Professors (LNVH), og sendt til alle vitskapleg tilsette ved nederlandske universitet. Derks og kollegaen Ruth van Veelen har allereie publisert ein rapport frå undersøkinga, som dokumenterer skilnaden i ressurstilgang mellom kvinnelege og mannlege forskarar.

– Vi bad dei vurdere kor mykje ressursar dei fekk, samanlikna med kva dei hadde bruk for. Alt frå eige kontor, til pengar, reisebudsjett, utstyr og assistanse, fortel ho.

Kvinner rapporterer både mindre tilgang på ressursar enn mennene, og at dei har mindre tid å bruke på forsking enn mennene har.

– Skilnadene er små, men effekten går alltid i kvinners disfavør, aldri motsett – og dei er systematiske, år etter år etter år.

Dei ulike rammevilkåra kjem ikkje av, som av og til blir foreslått, at kvinner er mindre viljuge til å forhandle om ressursar og arbeidsvilkår. Snarare visar resultata frå undersøkinga at kvinner oftare grip sjansen til å forhandle enn menn gjer. Det kan kome av at kvinner i større grad har lågare og mellombelse stillingar enn menn. Men kvinner rapporterer at dei har mindre forhandlingsrom enn menn, fordi det skal mindre til før det blir oppfatta som at dei klagar og kjem med urimelege krav, noko som igjen kan knytast til rolleforventingar.

Må endre idealbiletet

– Eg trur ikkje det finst éi løysing på alt dette, vi treng strukturell endring over lang tid. Men det vil vere bra om vi greier å endre på stereotypien om den vellukka forskaren. Kanskje finst det andre typar arbeidsplassar der dei greier å gjere dette betre, og som vi kan skjele til. Eg trur ikkje konkurranseelementet er noko unikt for akademia. Men kanskje er akademia meir åleine om ein idé om at vi har drive med strengt kvalitetsbasert, meritokratisk seleksjon. Det er ein farleg idé, seier Derks.

For tida er fleire forskingsfinansierande organsisasjonar i Nederland, saman med samansluttinga av nederlandske universitet (VSNU), i gang med å utvikle eit nytt rammeverk for evaluering av forskarar. Det er eit mål at forskarevaluering skal bli meir variert og inkluderande, og at slikt som samarbeid, undervising, mentorering og samfunnsengasjement skal tilleggast vekt ved sida av tal på publikasjonar og evne til å hente inn forskingsmidlar.

– Eg trur det kan hjelpe. Det er viktig å evaluere fleire trekk ved forsking, men vi må passe på at dei blir vektlagt likt. Elles er det ein fare for at vi berre dyttar kvinner inn i dei rollene dei sosialt er forventa å ta på seg, slik at eit nytt rammeverk for evaluering berre sementerer kjønnsrollene, peikar Derks på.

Bilettekst:

– Ei av fleire løysingar for betre kjønnsbalanse må vere å ansvarleggjere institusjonane. Dei må målast på mangfald og inklusivitet, ikkje berre på forsking, meiner professor Belle Derks. Foto: Foto Utrecht universitet.