Forskning

Vil innføre «smultringmodellen» i akademia

Er akademia styrt på ein måte som hindrar tilsette i å engasjere seg i klima- og naturkrisa?

Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk

 Ja, meiner forskarane Anne Urai og Clare Kelly. I ein fersk artikkel tek dei til orde for ei fundamental nytenking omkring organiseringa av akademia, inspirert av Kate Raworths «smultringøkonomi».

Ønskjer kollektiv handling

– For min eigen del byrja eg bli meir merksam på klimakrisa då eg for nokre år sidan starta på eit postdoktorengasjement i USA, seier Anne Urai, førsteamanuensis i nevrovitskap ved Universitetet i Leiden i Nederland (foto ovenfor).

– Skilnaden i livsstil var så stor og iaugefallande, og eg vart meir klar over kor viktig det er å endre slike ting. Eg fekk ei kjensle av at eg måtte gjere noko. Sidan ho ikkje hadde røysterett i USA, vart forskaridentiteten det naturlege utgangspunktet for engasjement. Ho byrja å sjå nøyare på sitt eige klimafotavtrykk frå til dømes flyreiser og personleg forbruk.

– Men då eg seinare flytta tilbake til Leiden, kom eg i kontakt med andre likesinna, slik som rørsla Scientists for Future (S4F) og Scientist Rebellion. Eg vart klar over at eg kan sjå ut over mitt eige fotavtrykk og tenkje meir på korleis akademia fungerer, fortel Urai.

På veg inn i eit meir aktivt klimaengasjement, hadde ho lagt merke til at sjølv om mange kollegaer delte uroa hennar, fekk dei av ulike grunnar ikkje omsett uroa i handling. Det kunne vere at dei kjende seg makteslause eller vegra seg for å gå inn i problemstillingar utanfor eige fagfelt, men først og fremst var det mangel på tid og overskot som hindra dei.

Henta inspirasjon frå «smultringen»

På denne tida deltok Urai på eit webinar med britiske Kate Raworth, opphavskvinna til omgrepet «smultringøkonomi» (doughnut economics).

– Den modellen gav veldig meining for meg, og eg innsåg at vi treng noko slikt for universitetet!

Raworth introduserte smultringmodellen i boka Doughnut Economics (2018). «Smultringøkonomien » er ikkje nokon matematisk økonomisk modell, men ei visuell framstilling av det Raworth kallar «det trygge og rettferdige rommet», der økonomisk aktivitet bør skje.

Modellen illustrerer at målet med økonomien, ifølgje Raworth, bør vere å tilfredsstille menneskelege behov utan å overskride planetens tolegrenser. Raworth utleier dei menneskelege behova som må tilfredsstillast, frå FNs berekraftsmål. Dette er den innerste ringen i smultringen.

Den  indre ringen viser den nødvendige  basisen for menneskeleg velvære. Den ytre ringen viser dei sosiale og økologiske grensene  som me ikkje må overskrida.Figur Urai og Kelly via eLife
Modellen illustrerer at målet med økonomien, ifølgje Raworth, bør vere å tilfredsstille menneskelege behov utan å overskride planetens tolegrenser. Figur Urai og Kelly via eLife.

Planetens tolegrenser har ho henta frå eit rammeverk utvikla av Stockholm Resi- lience Centre i 2009, og dei inkluderer faktorar som konsentrasjonen av karbondioksid i atmosfæren, spreiing av miljøgifter, forbruk av ferskvatn, og tap av naturmangfald. Desse utgjer den ytterste ringen i smultringen.

Mellom dei to ringane finst området der økonomien kan operere.

– Akkurat som Raworth er eg veldig visuelt orientert i mi forsking. Eg byrja å teikne figurar inspirert av hennar modellar, seier Urai. Ideen fekk form i ein artikkel skriven i lag med kollegaen Clare Kelly, førsteamanuensis i psykologi ved Trinity College Dublin. Der tek dei Raworths smultring og omset han til ein akademisk kontekst.

Møter strukturelle hindringar

I Urai og Kellys modell utgjer den indre ringen i smultringen ikkje slike ting som gode bustader, mat, helse og utdanning, som hos Raworth. Det sosiale fundamentet i akademia består i staden mellom anna av gode karrieremoglegheiter, akademisk fridom, inkludering og mangfald, og påliteleg forsking.

I den ytre ringen har dei plassert faktorar som ikkje må overskridast, slik som konkurranse, arbeidsbelasting, bruk av indikatorar og kommersialisering. Vidare skildrar dei kva som må endre seg for at akademia skal hamne innanfor smultringen.

De starta altså med å ønske meir klimahandling frå akademia, men enda med eit rammeverk som ikkje handlar om klima, men om vilkåra for dei tilsette i UH-sektoren. Korleis heng det i hop?

– Det er to innfallsvinklar til det, seier Urai. – Det er vanskeleg for akademikarar å handle i høve til klimakrisa, og det er ikkje fordi vi ikkje veit, det kjem av strukturelle hindringar. Vi er for opptekne med alt vi må gjere. Vi tykte det var viktig å peike på desse barrierane. For det andre fokuserer heller ikkje Raworth berre på klima i sin modell. Ho har laga ein holistisk visjon av den verda ho gjerne vil skape, ein økonomisk visjon som bind saman alle faktorane. Det var noko eg meinte vi kunne bruke.

– Men sjølv om ein greier å endre akademia slik at tilsette får meir rom til å drive med aktivitetar som er meir meiningsfulle enn å skrive artiklar til prestisjetunge tidsskrift, så er det vel ikkje gitt at dei vil bruke den ekstra tida på klimaaktivisme?

– Nei, men det kjem i alle fall ikkje til å skje utan desse endringane, seier Urai.

Ho kallar den akademiske smultringmodellen for ein nødvendig, men ikkje tilstrekkeleg, føresetnad for at akademikarar kan engasjere seg meir i vår tids største utfordring.

– Eg vonar at dersom folk får meir medverknad på eigen arbeidsplass, meir pusterom og meir plass til å diskutere i sosiale samanhengar, så vil vi sjå endring. Og mi erfaring er at folk typisk bryr seg om fleire ting på ein gong. Den seinare tida har vi til dømes hatt studentaksjonar her i Nederland, der aksjonistane stiller krav om både gode jobbmoglegheiter, og om at institusjonane skal bryte banda til fossilindustrien.

Nyttig tankeverktøy  

Urai og Kelly er sjølvsagt ikkje åleine om å ønskje seg endringar i akademia. På fleire av områda dei tek for seg, er det allereie systemendringar på gang.

Til dømes vart det i fjor inngått ein europeisk avtale om å endre på måten ein vurderer forskarar og forsking på. Dei nye retningslinene skal belønne slikt som undervising, forskingssamarbeid og bidrag til forskarsamfunnet, aktivitetar som ofte har vore usynlege i eit vurderingsregime med vekt på individuell konkurranse.

Både Nederland og Noreg har vore mellom føregangslanda i å gjennomføre desse endringane.

– Du har rett i at det allereie er gode prosessar i gang. At vurderingsregimet blir meir mangfaldig, er ei veldig spennande utvikling, seier Urai.

– Samstundes er det ikkje openbert korleis dette vil spele seg ut i praksis. Eg trur små land som Nederland kan ta på seg ei eksperimentell rolle i desse prosessane. På same måte som klimasaka, så er desse akademiske strukturane også eit døme på internasjonale prosessar der mykje likevel må handterast lokalt og nasjonalt.

I artikkelen peikar dei på utviklinga mot open vitskap som ein annan prosess som kan bidra til å realisere den akademiske smultringen, gjennom å etablere eit betre grunnlag for tillit til forskingsprosessane. Eit ytterlegare døme er ulike initiativ for å endre på måten prosjekt blir finansierte på, slik at ressursane skal bli meir rettferdig fordelt.

– Vårt bidrag er å samle alle desse ulike initiativa i ein heilskapleg visuell modell. For meg som akademikar er visuelle modellar veldig nyttige som tankeverktøy, forklarer Urai.

Må implementerast lokalt

Den store fortenesta til Raworths smultringmodell, er at den er tilstrekkeleg tydeleg, men samtidig tilstrekkeleg open, til å inspirere til nytenking omkring økonomi. Det er ikkje gitt korleis modellen skal implementerast. Difor har mange byar, regionar og bransjar starta arbeid med å nedskalere modellen til sine lokale kontekstar.

Til dømes har Amsterdam by bestemt at smultringmodellen skal vere styringsverktøy for den økonomiske utviklinga. Også i Noreg har modellen inspirert: Ein nasjonal «smultringfestival» vart arrangert for første gong i fjor. Urai vonar å kunne bruke den akademiske smultringmodellen på tilsvarande måte framover.

– Eg vil gjerne jobbe med ulike lokalmiljø for å kartleggje korleis modellen kan omsetjast i praksis, og brukast til å identifisere kva tiltak som kan settast i verk, seier ho.

Topp foto av Anne Urail (privat)