Europa

Vil vekk frå «publiser eller døy»

Skal ein nå målet om eit opnare forskingssystem, må det løne seg for forskarane å praktisere opne forskingsprosessar. Men førebels er det få teikn til at det skjer, viser ei ny kartleggjing.

Kjerstin Gjengedal for Forskningspolitikk

Open forsking er i vinden. Det som starta med eit mål om at forskingsartiklar skulle bli tilgjengelege for alle, har vakse og blitt ei målsetting om at heile forskingsøkosystemet skal bli opnare, meir transparent og meir demokratisk. Forskarar skal dele data og programkode og slik gjere det enklare forandre å ettergå resultata dei kjem fram til. Samfunnet skal kunne gå i dialog med forskinga og få innsyn i data, metodar og resultat, og vegen frå forsking til samfunnsnytte skal bli kortare.

Men sjølv om dei fleste er samde om målet, svarar det seg førebels ikkje for forskarar å leggje særleg innsats i opne forskingspraksisar. Deling av data eller engasjement med brukargrupper gjev ingen karrierefordelar, men kan tvertimot stele verdfull tid som kunne ha blitt brukt til å oppfylle målbare kriterie som publisering i prestisjetunge tidsskrift – enn så lenge den viktigaste valutaen i forskarverda.

Har kartlagt forskarvurdering

– Vi ser at overgangen til open tilgang og open forsking er i ferd med å få vatn på mølla no, og vi må spørje korleis vi insentiverer forskarar i dette nye landskapet. Dersom vi vil at forskarane skal ta del i denne overgangen, så må vi gjere noko med beløningane i forskingssystemet, seier Bregt Saenen, som arbeider med politikkutvikling i European University Association (EUA).

Vi møter han på EUA sitt kontor i Brussel, saman med EUAs underdirektør for forsking og innovasjon, Vinciane Gaillard.

EUA representerer meir enn 800 universitet og nasjonale rektorkonferansar (tilsvarande Universitets- og høgskulerådet) i Europa. Sidan 2014 har EUA utført årlege spørjeundersøkingar om korleis det står til med open tilgang til forskingsartiklar hos medlemsinstitusjonane.

Undersøkingane har vist at sjølv om eit fleirtal av institusjonane har retningsliner for open tilgang på plass, så veks likevel andelen publikasjoner som er ope tilgjengelege, seint. Utilstrekkelege insentiv for forskarane er blitt trekt fram som ein flaskehals. I årets undersøking sette EUA difor søkelyset på kva institusjonane legg vekt på når dei vurderer forsking og forskarkarrierer.1

Bregt Saenen og Vinciane Gaillard i EUA er glade for at ein no har fått solid informasjon om kva europeiske universitet legg vekt på i sine system for vurdering av forskarkarrierar. Foto: Kjerstin Gjengedal

Impact factor regjerer

Og resultata talar sitt tydelege språk: Det er publisering og innhenting av eksterne forskingsmidlar som gjev klart mest karrieremessig utteljing i universiteta sine meritteringssystem. Aktivitetane som blir tillagt minst vekt, er formidling utanfor akademia og, heilt på botnen av lista: Opne forskingsprosessar.

Og går ein inn på konkrete målemetodar, svarar 75 prosent av respondentane at dei nyttar den berykta Journal Impact Factor (JIF) som mål på publisering.

– Personleg vart eg overraska over at det er eit så tydeleg gap mellom målemetodar som blir trekte fram som viktige, og dei som blir sett som uviktige, seier Vinciane Gaillard.

Respondentane fekk servert ei liste over evalueringsmetodar og bedne om å svare på kor viktige kvar av dei er for karrieren til forskarar. Teljing av publikasjonar, fagfellevurdering og indikatorar for impact og samarbeid blir alle rekna som veldig eller moderat viktige av eit fleirtal av respondentane. Til samanlikning meiner mindre enn halvparten at indikatorar for open tilgang og open forsking, eller indikatorar for artikkelvisingar, nedlastingar og omtalar av forsking i sosiale og tradisjonelle media, er særleg viktig.

– Dette var jo ikkje noko nullsumspørsmål, respondentane kunne lett ha svart at alle metodane er viktige for å evaluere forskarkarrierar, men vi ser tydeleg at over halvparten seier at indikatorar for open vitskap ikkje er viktige. Det er slåande, seier ho.

Samstundes er det generell semje om at JIF er eit dårleg, eller i beste fall utilstrekkeleg, mål på verdien av forsking.

– I EUA har vi vore veldig klare på at forskingspublikasjonar skal evaluerast på bakgrunn av den underliggande forskinga. Vi meiner ikkje at JIF bør brukast slik vi ser det bli brukt i denne undersøkinga, så her har vi ein større jobb framfor oss med å få til ei endring, seier Saenen.

Må vurdere heile breidda

Det blir altså stadig tydelegare at dersom ein meiner alvor med idealet om opne forskingsprosessar, så må noko gjerast med måten forskarar og forsking blir vurdert og løna på. Forskingsrådet er ein av mange aktørar som er klar over dette. I sitt utkast til policy for open forsking, som skal vere klar til implementering i 2020, heiter det til dømes at Forskingsrådet skal «etablere rutiner for vurdering og merittering, der viktige momenter er harmonisering av krav til CV og dokumentasjon av hele bredden av forskningsresultater». Det står også at ein vil medverke til ein felles nasjonal og internasjonal prosess for korleis forskarar og forsking skal bli vurderte i tråd med DORA-erklæringa.2

DORA-erklæringa (San Fransisco Declaration on Research Assessment) er eit sett med råd for korleis forskarar og forsking bør evaluerast, som tek omsyn til at forsking er mykje meir mangfaldig enn berre det å publisere artiklar. Forskingsrådet signerte erklæringa i 2018.

I EUA-undersøkinga vart respondentane også spurde om kva som er dei viktigaste hindringane for å innføre meir omfattande og inkluderande vurderingsmåtar.

– Og den viktigaste barrieren som blir trekt fram, er rett og slett kompleksiteten i spørsmålet. Merittering er så sentralt i forsking at korleis ein enn endrar på det, så vil endringane ha stor effekt, seier Saenen.

Gaillard legg til: – JIF er jo enkelt. Det er ein indikator som gjev deg eit tal. Dersom ein vil ha eit system som er meir dekkande, så vil vurderinga nødvendigvis bli vanskelegare. Sjølv DORA-erklæringa går ikkje inn for at ein skal kvitte seg med talindikatorane, ho seier berre at ein bør innføre fleire dimensjonar i systemet.

Tilpassar seg konteksten

Undersøkinga har også kartlagt kor stor fridom institusjonane meiner at dei har til å prøve ut nye tiltak for merittering. Der kjem det fram at respondentane meiner dei har stor fridom til å gjere sjølvstendige og uavhengige val, både når det gjeld evaluering av forskarkarrierar, evaluering av forskingseiningar, og fordeling av forskingsmidlar internt.

– Vi trur dei er ærlege når dei seier dette. Men samstundes, i dei opne spørsmåla, fortel dei om den eksterne konteksten dei står i. Det dei gjer, må vere tilpassa rammevilkår frå styresmakter og dei som finansierer forskinga, og det påverkar avgjerdene som blir tekne. Dei trekk også fram den sterke konkurransen i forskings- og innovasjonssektoren, spesielt påverknaden frå universitetsrankingar, seier Saenen.

– Det er tydeleg for oss at universiteta heile tida vurderer og revurderer måten dei evaluerer forskarar på, men at dei kan ikkje endre systemet på eiga hand. Same dag som Forskningspolitikk møtte EUA-representantane i Brussel, annonserte dei nederlandske samansluttingane av universitet og universitetssjukehus, saman med det nederlandske vitskapsakademiet og forskingsråda, konkrete planar for å endre meritteringssystemet i Nederland. Teamarbeid og ulike karrierevegar skal tilleggast meir vekt, publiseringsindikatorar mindre.3

Saenen peikar på at det er slik dialog, der både institusjonar, styresmakter og forskingsråd deltek, som er nødvendig.

– At saka er kompleks, vil jo også seie at det er mange moglegheiter å utforske. Dette er ein stor diskusjon som vi no står ved starten av, seier han.

*****************

1 Bregt Saenen; Rita Morais; Vinciane Gaillard;Lidia-Borrell Damián: Research Assessment in the Transition to Open Science 2019 EUA Open Science and Access Survey Results https://eua.eu/resources publications/888:research-assessment-in-the-transition-to-open-science.html
2Nyhendesak om høyringsrunden: https://www.forskningsradet.no/nyheter/2019/-gode-bidrag-til-apen-forskning/
3 Pressemelding: https://www.nwo.nl/en/news-and-events/news/2019/11/knowledge-sector-sectortakes-major-step-forward-in-new-approach-to-recognising-and-rewarding-academics.html

Hovedbilde: Lastovetskyi.